Jakta på Andy Anderssons Eftf. Av Arnfinn Kolerud Illustrert av Per Ragnar Møkleby Samlaget Denne perla av ei bok byrjar ganske dramatisk. I løpet av natta har nemleg nokon skrive ordet «Idiot» med store, raude bokstavar på husveggen til Rikke og familien. Og det synest Rikke er ganske fælt. Mor og far tar det derimot med fatning. – Så så, seier far. Han ser berre så vidt opp frå avisa. – Det kunne vore verre, seier mor. – Det kunne ha stått eit ord på P. Rikke vil ikkje la det bli med det, og saman med bestevenninna Lea byrjar ho å nøste i mysteriet. Kven kan ha gjort noko så slemt? Er det bonden som nett har måla løa si raud? Er det onkel Ole, som ikkje likar at far er fotballdommar? Eller jenta som skriv ord i sanden med hælen sin? Arnfinn Kolerud har laga ei krimforteljinga for barn, som både er morosam og spennande. Lesarar av vaksen-krim veit at det kan vere ei stor utfordring å lukkast med båe deler, men det gjer altså Kolerud med denne boka. Humoren er skikkeleg god, ein kan kome til å både humre og le – mange gongar. I tillegg er det ganske spennande å vere med Rikke og finne ut av dette mysteriet, og Kolerud legg ut nokre utrulege agn for lesaren. Best av alt: Løysinga er skikkeleg overraskande, slik mange krimelskarar likar det. Jakta på Andy Anderssons Eftf. er ei Kometbok, altså ei lettlesen bok med korte setningar, rikeleg med illustrasjonar og eit romsleg sideoppsett. Forlaget skildrar boka som eigna for barn mellom 8 og 10 år, men som andre meldarar har peika på: Ho har mykje å by både yngre og eldre barn. Toyni Tobekk Lei av Rosa Av Nathalie Hense Illustrert av Ilya Green Magikon Forlag I Lei av Rosa møter me ei jente som ikkje er som alle andre jenter. Ho likar ikkje rosa, ho likar svart. Ho likar ikkje å leike med dokker, men derimot å klatre i tre. Mora kallar henne ei gutejente, og sjølv lurer ho på kvifor jenter ikkje kan like guteting og gutar jenteting. Boka skildrar godt korleis det kan vere å vekse opp litt annleis enn dei fleste andre. Det er ikkje lett for jenta å kle seg ut som sjørøvar når alle andre jenter er prinsesser, akkurat like vanskeleg som det er for guten Karl å måle blomar på leikebilane sine. Me får vere med jenta i undringa over dette, at nokon har bestemt på førehand kva ho som jente skal like, og korleis ho skal leike. Det er eit godt og realistisk bilete. Likevel blir dette litt lettvint for meg, og litt for pedagogisk korrekt. Kanskje blir skilnadene mellom jenta og dei andre jentene for tydelege? Og kanskje blir klisjeane litt for mange? Dei fleste barn er samansette og har fleire interesser. At nokre jenter er å rekne som gutejenter er greitt nok, men her blir kategoriseringa litt vel enkel. Likevel er dei tydelege kontrastane med på å gjere historia og bodskapen lett forståeleg, også for dei minste. Illustrasjonane til Green får lov til å stå i sentrum i denne boka. Det fortener dei. Sterke fargar og ein personleg strek gir teikningane liv. Ikkje minst er ansiktsuttrykka spesielle, noko som er med på å byggje opp under handlinga. Judith Sørhus Litlehamar Ella og de andre Av Timo Parvela, omsett av Tor Tveite Illustrert av Ida Larmo Mangschou forlag Ella og dei andre i andre klasse er sikre på at læraren deira blir pressa for pengar. Dei vil berre hjelpe han. Ella og dei andre er flinke til å få ei bittelita fjær til å bli til eit fullstappa hønsehus med tusenvis av frittvandrande høner, til stor fortviling for læraren og udelt glede for andre. Eit døme på ei slik utvikling eller forvrenging av fakta kjem her: Pekka kviskrar til Ella at ho må seie til læraren, som sit heilt i andre enden av stolrekkja på teateret, at han må tisse. Når dette då går innom Seppo, Hanna, Timo og Tiina før det når fram til læraren, får læraren høyre: «Pekka vant Melodi Grand Prix!» Boka er delt inn i tre delar: Ella og utpresseren, Ella på teater og Ella på klassetur. Det eine kapittelet toppar det andre, og det vrimlar av latterbrølvekkjande utsegn frå andreklassingane og fortvilte lærarar. Eit slikt utsegn kjem frå Pekka til bussjåføren som køyrer klassen til symjehallen: «Du ligner på den flodhesten i barne-tv», med ei kjapp oppfølging frå Seppo: «Nei, for flodhesten er ikke så feit.» Slikt synest vi det er morosamt å lese, men det er kanskje ikkje fullt så morosamt å vere læraren som har ansvar for Pekka og Seppo akkurat der og då. Elles er jule-tablået eit høgdepunkt i boka. Alle som nokon gong skal prøve å setje opp ei framsyning i skulen, burde ha lese denne. Du kan sjølv tenkje deg det; alt som kan gå gale, går gale. Ella og de andre er like mykje ei bok for vaksne som for barn. Spesielt trur eg folk som jobbar i skulen, vil kose seg med denne boka. Kanskje også nikke litt gjenkjennande og hovudristande innimellom. Ella og de andre er den mest morosame boka eg har lese på lenge, og eg trur også eg kjem til å lese ho igjen. Og jammen trur eg at eg skal få tak i dei andre bøkene om Ella som kjem til Noreg frå Finland i tida framover. Små bøker som gjer livet litt lengre. Elin Moen Karlsen BOKMELDINGAR fbaargang2010 fbseksjonKIR