www.pirion.no PIT PARION BREI SMAK OG SMALT UTVAL D ersom ein ser på det som kjem ut av norske barneplater, kan ein lett få inntrykk av at det born liker aller best, er glatt pop framfører ho ofte sjølv òg, i ein – lat oss kalla det frijazzversjon – på orgelet i stova medan ho gaular «Sat to kattar! Bim! Bom! Bom!» Den innspelinga av «Det sat to kattar» som ho er så glad i, er henta frå kassetten Rocken Bom og andre frå Songboka mi, ein kassett som kom ut tidleg på åttitalet. Og eg må seia at eg saknar ei ny plate som kan koma inn og ta den posisjonen som Rocken Bom-kassetten i si tid hadde. For medan det med bøker som Song for deg og meg og Syng sjøl er relativt greitt å finna fram til notar til nynorske songar til barnehagebruk, er det eit langt dårlegare utval av innspelte barnesongar med nynorsk tekst. Songar er ein fin og morosam måte å læra språk på, og dei komande nynorskskrivande borna fortener å få oppleva den musikalske språkstimuleringa som nynorske songar kan gje dei. Ei løysing kan sjølvsagt vera å spela vaksenplater med nynorsk tekst, sidan born trass alt liker meir enn berre barneplater. I tillegg finst det faktisk litt nynorsk barnemusikk tilgjengeleg, dersom ein veit kvar ein skal leita. Nettsongboka til Tunkatten, www.tunkatten.no, inneheld til dømes innspelingar av mange nynorske barnesongar, og på www.nynorsksenteret.no/born/ ligg det ute spelelister der du kan høyra ymse barnesongar med nynorsk tekst. Men det hadde som sagt vore kjekt dersom nokon kunne laga ei plate med nynorske barnesongar, som gjorde det sopass bra at òg dei som ikkje var spesielt interesserte, kunne finna fram til songane. Eit høveleg prosjekt for Odd Nordstoga, kan henda? med tekstar på bokmål. Men born er meir opne i musikkvegen enn det me vaksne ofte har ein tendens til å tru. Då sonen til ei eg kjenner, var tre år gammal, fekk han spørsmål om kven som var favorittartisten hans. Svaret kom snøgt: Ian Curtis. Der spørsmålsstillaren truleg hadde venta å få høyra Kaptein Sabeltann eller liknande, drog altså treåringen i staden fram vokalisten i den britiske postpunk-gruppa Joy Division, som guten spelte (og framleis speler) jamt og trutt på CD-spelaren sin. Som far til ei to år gamal jente ser eg òg på heimebane prov på at born har breiare musikksmak enn ein i utgangspunktet skulle tru. Toåringen min høyrer på mykje ulikt, men det ho liker aller best, er Beatles-songen «She loves you», energisk svartmetall og ei rocka nynorskutgåve av «Det sat to kattar». Den sistnemnde songen Arild Torvund Olsen er administrasjons- og kommunikasjonskonsulent på Nynorsksenteret Jul med Pirion! På www.pirion.no finn du: • julebøker • julesongar • tips om julekalender Gledeleg jul til store og små! PiRion Tips oss på pirion@norsk-plan.no Me vil gjerne ha tips og innspel om det er noko du syns me bør ta opp, eller om du har tips om bøker me bør skriva om. Sjå og www.pirion.no PIRION ER STØTTA AV KUNNSKAPSDEPARTEMENTET, FAGFORBUNDET OG LNK    PIRION8/2010,11.årgangen–ISSN1502-3036 Utgivar:StiftingaPirion Adresse:Pirion,NæringsbedetiVatlandsvåg, 4235HebnesTlf:52790482,faks52790481.Heimeside:www.pirion.no Ansvarlegredaktør:AstridEidhammerHjelmeland,tlf52790484,mob.97194788E-post:pirion@norsk-plan.noKorrektur:DagGjerdeFormgjeving:Salikatdesign © Arild Torvund Olsen fbaargang2010 fbseksjonKIR