– Vi er blitt meir medvitne og meir reflekterte, seier Anne Marit Refvik og Britt Heidi Selsvik og Martha Håvik. Dei har mellom anna skaffa seg meir kunnskap om alderspsykiatri og ulike demenssjukdommar. Dermed veit dei meir om kva som følgjer med, og kva dei kan vente seg av pasientar med ulike diagnosar. Ein demenssjukdom kan gjere pasienten desorientert og utrygg. Kjenner han seg truga, er ikkje vegen lang til at han blir aggressiv. – Eg tenkjer og handlar fortare no enn eg gjorde før. Vi må vere i forkant, vite kva MILJØTERAPI: Gode minne er alltid godt å dele. Martha Håvik får sjå i albumet til Liv Brattebø. som kan skje, for å avverje katastrofereaksjonar, forklarar Refvik. På jobb med heile seg Kunnskap er inga sovepute. Også klokskap må til om kunnskapen skal vere nyttig i møta med pasientane. Martha Håvik, Anne Marit Refvik og Britt Heidi Selsvik seier at dei er på jobb med heile seg. – Vi er på heile tida. Vi nyttar alle sansar. Heile tida, poengterer dei. For heile dagen møter dei pasientar. Heile dagen tek dei val. Og kvart eit val skal vere basert på refleksjon kring kva som er gode måtar å kommunisera på, og kva som er mest etisk å gjere og seie. Trekkjer med seg pasienten – Vi inkluderer alltid pasienten; eg trur det er det det meste handlar om, meiner Martha Håvik. Dei som arbeider på gruppe 1 sit ikkje og pratar seg imellom. Dei passer på at det er pasienten som er i sentrum. Samtalen skal alltid ha ei form og eit innhald som pasienten kjenner seg vel med. Dei har lært kor viktig det er å sjå at kvar pasient er eit unikt menneske, å sjå mennesket og ikkje berre ein diagnose eller sju. – Vi tiltaler til dømes alle pasientane med namnet deira. Slik blir det tydeleg at vi ser kvar einskild, seier Håvik. Men kva gjer dei om dei ser kollegar som gløymer at han eller ho er på jobb for pasientanes skuld, som sit på stova og pratar seg imellom om noko som ikkje raker pasientane? – Vi prøver å dreie merksemda over på pasienten og noko som kan interessere han eller ho, fortel hjelpepleiaren. Men ho understrekar at det ikkje skjer særs ofte. Ho legg til at fem av kollegane no tek Demensomsorgens ABC. – Så vi er mange som er interesserte i å    > Fagbladet 2/2011 > 35 fbaargang2011 fbseksjonHEL