Utdanning knytt til arbeidsplassen Fagskolen aldring og helse, som tilbyr vidareutdanning i demensomsorg og psykiatri, ligg under Nasjonalt kompetansesenter for aldring og helse (NKAH) i Tønsberg. Fagskolen tek imot studentar frå heile landet. Undervisninga er i stor grad basert på undervisning på nett, videokonferansar, sjølvstudium samt to vekers samling kvart år. Utdanninga som går over to år, tilsvarar eitt år på full tid. Eit vilkår for å komme inn på Fagskolen, er at du er ferdig utdanna hjelpepleiar, omsorgsarbeidar eller helsefagarbeidar. Du må også arbeide minst 50 prosent medan du tek utdanninga. – Grunnen til at utdanninga må kombinerast med relevant praksis, er at oppgåvene er praktiske og må gjennomførast på eigen arbeidsplass, seier Signe Gjelsvik, studieleiar ved Fagskolen. Les meir på www.aldringoghelse.no heve kompetansen. Det er svært positivt, for arbeidet blir enklare dess fleire som blir skolerte, meiner ho. Ro ved bordet Dei tilsette på gruppe 1 er opptekne av at pasientane skal klare seg sjølve så langt råd er. Pasientane skal gjere det dei er i stand til. Dei som klarer det, får til dømes smøre maten sin sjølve. Pleiarane tek seg tid til å ikkje ta over daglege aktivitetar som pasientane sjølv kan klare. – På den andre sida er det viktig at dei slepp kjensla av ikkje å meistre. Difor er det viktig at vi legg til rette for at dei skal klare mest mogleg, seier Martha Håvik. Dei har lenge drive med miljøterapi, men no er alt dei gjer miljøterapi. Også før hadde dei tenkt gjennom måltida. Likevel har dei endra noko etter at dei byrja på Fagskolen. – For at det skal vere ro rundt bordet, passar vi på at vi ikkje treng reise oss før måltidet er ferdig. Vi finn til dømes fram dei naudsynte medisinane før vi sett oss ned, fortel Håvik. Ho legg til at det ikkje er tilfeldig kven som sit i lag. – Dei fleste av oss trivs ikkje like godt i lag med alle. Honnør til kommunen Jondal kommune støttar tilsette som tek vidareutdanning med ein fast sum. Etter eitt år vidareutdanning på full tid vert det i særskilde tingingar gitt 20.000 kroner i auka årsløn. Martha Håvik, Anne Marit Refvik og Britt Heidi Selsvik søkte om stipend og får dekt det meste av utgiftene til Fagskolen. Dei meiner arbeidsgjevar har mykje igjen for at tilsette tek fagskoleutdanning. Men også for eigen del er det godt å vakse. – Forelesarane er veldig gode, og lærarane er flinke til å inkludere alle. Så vi kan trygt tilrå andre å ta Fagskolen, seier dei. – Denne vidareutdanninga var akkurat det vi hadde venta på. Leiaren støtta oss og oppfordra oss til å søkje, fortel dei. No ynskjer leiaren at dei tre som har tatt denne vidareutdanninga skal undervise kollegane. – Det vil vi nok, men førebels har vi nok med å avslutte, seier dei tre. ANDRE TILBOD INNANFOR DEMENS Fagskolen i Gjøvik (www.gtf.no), AOF Fredrikstad-Moss (www.sarpsborg.aof.no) og MidtNorge AOF (www.midt-norge.aof.no) har stadbaserte fagskoletilbod innanfor demens. Også desse er godkjende av Nokut. Nokut-godkjenning er naudsynt for at studentane har rett til stønad frå Lånekassa. 36 > Fagbladet 2/2011 HUNDRE PROSENT: – Utdanninga har nok gjort oss meir medvitne. Vi er blitt enda meir til stades når vi er på jobb, seier Martha Håvik, Anne Marit Refvik og Britt Heidi Selsvik etter snart to år på Fagskolen aldring og helse. fbaargang2011 fbseksjonHEL