Seksjonsleder Fylkeskonferansar i SHS: ATTVALD: Seksjonskonferansen i Sogn og Fjordane valde Kari Daltveit att som leiar. – Verdiane våre skal vere synlege Raymond Turøy møtte tillitsvalde innan seksjonen i Sogn og Fjordane i februar. Han inviterte til samarbeid om kåring av Heile Noregs helsefagarbeidar. I Sogn og Fjordane møtte Raymond Turøy, nestleiar i Seksjon helse og sosial (SHS), for fyrste gong folk som ikkje var udelt positive til kampanjen for å kåre landets beste helsefagarbeidar. Kampanjen skal gå fram til november, og føremålet er mellom anna å auke rekrutteringa til yrket. – For å få til det, må dei som allereie arbeider som helsefagarbeidarar, sjølv syne kor stolte dei er av dei verdiane dei representerer og jobben dei gjer, seier Turøy. Nestleiaren og resten av det sentrale SHS-styret har vitja seksjonskonferansane i alle fylka på nyåret. Gode arbeidsplassar Nokre av deltakarane på seksjonskonferansen i Sogn og Fjordane frykta at nokon ville kjenne det urimeleg om nokre få utøvarar av yrket blei framheva som best. Raymond Turøy syntes det vart ein interessant debatt, og han var særs nøgd med konklusjonen. – Vi er samde om at ein god helsefagarbeidar er avhengig av at også kollegane er gode utøvarar av yrket. Ingen arbeider og utviklar seg aleine. Difor er det naturleg å klappe fram den eine samstundes som vi gjer stas på heile arbeidsplassen, seier han. Hugs nattarbeidarane Verving har og vore eit tema på fylkeskonferansane. – De gjer ein fantastisk jobb, men eg trur vi kan bli endå betre, sa Turøy. Han meiner mange avdelingar er best på å verve medlemmar på dagtid. – Men vi må ikkje gløyme dei som arbeider på natta. Dei har ofte lite kontakt med kollegar, og blir takksamde for litt merksemd, sa Turøy. Må få prøve yrket Raymond Turøy er oppteken av å rekruttere ungdom til helsefagarbeidaryrket. Han oppmoda dei tillitsvalde til å ta godt vare på dei elevane som vert utplasserte i arbeidsveka. – Dei skal ikkje vaske golv. Dei må få ei kjensle av kva yrket handlar om. Les meir om Heile Noregs Helsefagarbeidar i Fagbladet nr. 10/2010 (s.46) og nr. 2/2011 (s.42). Du finn og informasjon på www.fagbladet.no og meir på www.helenorgeshelsefagarbeider.no Tekst og foto: KARIN E. SVENDSEN Forsøk med seks timer Fagforbundet har som mål å få på plass seks timers arbeidsdag med full lønnskompensasjon. Det er for øyeblikket ingen forsøk med sekstimersdagen i regi av regjeringen. Det er bare å sette i gang. Regjeringens egen Soria Moria-erklæring sier jo faktisk at man skal ha prøveprosjekter med seks timers arbeidsdag. Vi veit fra tidligere forsøk at innføring av sekstimersdagen får en rekke positive følger. Det har gitt bedre kvalitet på tjenestene, arbeidsmiljøet har blitt bedre og sykefraværet har gått ned. Tidligere prosjekter viser også at en arbeidstidsforkorting fører til at færre går av med AFP. En arbeidstidsforkorting er bra for folkehelsa og bra for samfunnet. Foreldre får mer tid til barna sine. Det blir En arbeidstidsforkorting er bra for folkehelsa og bra for samfunnet. mindre utstøting fra arbeidslivet. Det er dessuten helt i tråd med veien til et mer bærekraftig samfunn at ikke all produktivitetsøkning tas ut i mer lønn. Det er fornuftig at vi også tar ut noe av dette i mer fritid. En arbeidstidsforkorting vil også kunne føre til bedre kvalitet i tjenestene. Tar vi sliterne innen helse- og omsorgssektoren som eksempel, så er det åpenbart at de ville kunne yte en bedre tjeneste med en kortere arbeidsdag. Dette forutsetter så klart at man øker grunnbemanninga. I Spekter-området har nå Fagforbundet og Spekter inngått en avtale om at man skal arbeide aktivt for å redusere omfanget av deltid. Jeg mener at en naturlig konsekvens av denne avtalen må være at det settes i gang forsøk med seks timers arbeidsdag innen Spekter-området. Tidligere forsøk med seks timers arbeidsdag har bare vart i ett eller to år. Det er ikke lenge nok. Vi trenger forsøk med seks timers arbeidsdag som strekker seg over lengre perioder slik at vi virkelig kan måle effektene. KJELLFRID T. BLAKSTAD 42 > Fagbladet 3/2011 fbaargang2011 fbseksjonHEL