b c c h h d Det er ingen grunn til å vente, du bør synge for barnet frå første dag, meiner musikkpedagog Bergljot Lyssand Bjørø. (Foto: Irene Garnes Hareide) ...Song skaper kontakt B arna har rytme og musikalitet i seg lenge før dei lærer språk. Eg syng ofte til ungane kva dei skal gjere, seier Bergljot Lyssand Bjørø. Musikklæraren og småbarnspedagogen er sjølv vaksen opp med musikk. Som kulturskulelærar for dei minste barna og kurshaldar for folk som jobbar med barn, kan ikkje dama frå Os i Hordaland framheve nok kor viktig songen er, og kor mykje musikken kan utrette for dei minste. Vi kjem til verda med rytme og musikalitet i oss. Ved å ta tak i dette tidleg kan språkleg og motorisk utvikling stimulerast, meiner Bjørø. Syng ved stellebordet Songen kan mellom anna ha mykje å seie i den tidlegaste kommunikasjonen mellom barn og vaksne. – Gjennom bruk av song kan samspelet styrkjast, meiner Bjørø. Ho tilrår mellom anna stundene på stellebordet til slik bruk. – Ved å leike med musikk då, kan barnet bli betre kjent med kroppen sin, og god kontakt mellom barn og vaksne kan utvikle seg. – Kva tid skal ein byrje å syngje for barnet? – Frå det er nyfødd, meiner sangpedagogen, men legg raskt til at det også er dei som meiner ein skal byrje endå tidlegare. Saman før fødselen Mellom desse er jordmor Marianne Klokset Aspås frå Gjemnes kommune på Nordmøre. Ho gav i fjor, i samarbeid med Gjemnes mållag, ut heftet Smålåten. Syng og sull for Barnet. Gjennom arbeidet med komande foreldre og ufødde barn har ho erfart at songen kan spele ei viktig rolle allereie under svangerskapet. – Foreldre og barn bør setje av tid til å vere i lag også før barnet er fødd. Då blir ikkje overgangen så brå, meiner Aspås. Ho trur travle kvardagar gjer at mange lett gløymer å vere nær og kommunisere med det ufødde barnet. Vitaminer for kjenslene – Kor tidlig i svangerskapet bør foreldra byrje å syngje for barnet? – Eg oppmodar dei til å starte etter tre månader. Sansenivået er til stades allereie frå barnet byrjar å utvikle seg i mors liv. Frå midten av svangerskapet veit vi at barnet kan høyre, forklarer Aspås. Kor mykje barnet har med seg frå desse første songane seinare, er vanskeleg å vete noko om. Argumenta til Aspås er tufta på erfaringar ho sjølv har gjort seg som jordmor og mor. – Vi merkar at ufødde barn reagerer på lyd, mellom anna ved at dei rører på seg – eller ved at dei blir liggande heilt stille i magen når dei blir sungne for, seier ho. Aspås meiner det er lett å gløyme dei åndelege behova våre, som songen kan vere med på å fylle. Fokuset på alt det fysiske knytt til svangerskapet får fort forrang, som kva den gravide skal ete, kor mykje ho skal røre på seg, vere ute i frisk luft og så vidare. e c q fbaargang2011 fbseksjonKIR