c h h b – Songen gjer noko med oss. Han skaper gode kjensler, og vi treng desse kjenslemessige vitaminene meir enn vi tenkjer på, trur jordmora. Elskar mor si stemme – Kva bør dei som kvir seg for å syngje, og som ikkje synst røysta deira er god nok, gjere? – Mange seier dei ikkje kan syngje, men han eller ho som er i magen, spør ikkje etter om røysta er fin eller stygg. Barnet elskar mor og far si røyst, meiner Aspås. Ho legg til at røysta til mor får ein spesiell verdi for det ufødde barnet, fordi det er denne som er nærast. Røysta til far må trass alt gjennom bukveggen før ho når inn. Det kan verke positivt på barnet si kjensle av tilknyting og tryggleik å bli sungen for allereie frå det er i mors liv, trur Aspås. Jordmora legg til at ein del av foreldra ho treffer, vegrar seg for å syngje i starten, fordi dei naturleg nok synest det kan vere rart og uvant å syngje for eit menneske dei ikkje kan sjå. Kvir seg for å syngje Musikklæraren frå Os møter, til liks med Aspås, også vaksne som kvir seg for å syngje. Bjørø held kurs for barnehagetilsette, mellom anna foråfådeitilåvåge–ogforatdeiskalfå auga opp for korleis song og musikk kan brukast i arbeidet med dei minste. – Mange vaksne trur dei har ei dårleg røyst, og dette er veldig kjenslefylt. Røysta vår representerer noko svært personleg, nesten som fingeravtrykket vårt. Mange ber på opplevingar som gjer at dei ikkje tør å syngje. Målet blir å få dei til å tore, forklarer Bjørø. – Du bør finne noko som er ditt eige, og starte der. Alle har eit forhold til musikk, og du treng ikkje kunne mange songar, det held med éin, oppmodar ho vidare. nå fram til mange unge lesarar, og det må vere målet, må han finnast også digitalt og i formar og på arenaer vi enno ikkje har tenkt på. Vidare må dei skjønnlitterære tekstane kunne involvere og engasjere lesaren som dei medskapande nettekstane ofte gjør, elles blir skjønnlitteratur ei sportsgrein for spesielt interesserte og dei som har medvitne foreldre som matar ungane med skjønnlitteratur. I eit samfunn med aukande kulturskilnader og heterogenitet er det endå viktigare at skjønnlitteraturen kan nå Ved å starte med ein song vi kjenner og har eit forhold til, kan sjølvtillita komme langsamt tilbake, erfarer Bjørø. – Stemma er det flottaste instrumentet vi har. Eg vil påstå at alle kan syngje, men det er også viktig å vere medviten om at stemmebandet er ein muskel som treng trening. Vi må øve oss, held ho fram. Barn set pris på alle røyster – Barn godtar det og set pris på det om du hiv deg ut i songen. Det betyr for dei at du er engasjert, framhevar musikkpedagogen. Bjørø er oppteken av at barnehagetilsette ikkje må avgrense musikken til å bli noko dei berre bruker i samlingsstunda. Musikken kan ein integrere i alt, erfarer ho, til dømes når ungane kler på seg, og når dei er i skogen. Gjennom song, rytme og musikk får dei små stimulert mange sansar på ein gong, noko som gjer opplevingane rikare og læringa lettare. – Gjennom songen gir vi også barnet ein skatt. Vi gir det tonar, vakre ord og nærleik. Dette har det med seg vidare i livet, seier Bjørø. Syng på dialekt Det å synge på dialekt er noko både Bjørø og Aspås er opptekne av. Bjørø jobbar i Os, som er ein kommune med mykje tilflytting frå nabokommunen Bergen. Ho seier ho av og til får kommentarar på at ho vel for gamle songar. Bjørø trur likevel at det å syngje dei gamle songane kan vere med på å gi barna eit rikare språk, saman med lokal tilknyting og identitet. Ho har gjort det til tradisjon at ho alltid sluttar babysongtimane ho har ved kulturskulen, med ein bånsull. – Bånsullane er gullet vårt, meiner musikklæraren. barnelesaren på arenaer som alle barn deler, og ei av dei viktigaste oppgåvene framover for alle som arbeider med barnelitteratur og formidling, er å verne om dei demokratiske tiltaka som allereie finst, slik som den kulturelle skolesekken og leselystkampanjane, og samstundes tenke ut nye, lure (digitale!) arenaer der alle barn kan møte skjønnlitteraturen og vekse i møte med den. Ragnfrid Trohaug, forlagsredaktør i Det Norske Samlaget Har samla gamle songar i hendig hefte G jennom heftet Smålåten. Syng og sull for barnet ønskjer Marianne Klokset Aspås å styrkje den gode og naturlege kommunikasjonen mellom foreldra og det ufødde barnet. – Eg har jobba med gravide og komande foreldre som kommunejordmor i Nesset kommune sidan 1990. Eg har i lang tid tenkt på at eg hadde lyst til å lage eit songhefte, seier Aspås. Jordmora har stundvis fletta songen inn i dei foreldreførebuande kursa ho held. Gjemnes mållag tende på ideen hennar om å samle songar og vers i eit eige hefte. Dette heftet kom ut i fjor. Målet er å få det spreidd gjennom kommunehelsestasjonar, men Aspås erfarer at ein del kommunar vegrar seg på grunn av økonomien. Førebels er det berre kommunane Nesset og Molde som gir songheftet til sine gravide: Molde gjennom støtte og initiativ frå lokale sanitetslag, medan Nesset kommune har kjøpt heftet og gir det til sine gravide. Heftet blir også distribuert gjennom Mållaget, og tilbakemeldingane er gode frå dei som har teke det i bruk, fortel Aspås. Kjende og kjære vers, som «Alle killebukkane», «Ride, ride ranke» og «Kom skal vi klippe sauen” er sette saman med blyantteikningar av Bergljot Hals. Nokre få dikt og regler, i tillegg til eit føreord av Aspås, har også fått plass. – Heftet har noko gamaldags og rørande ved seg. Det har vore eit ønske å ta det veldig moderniserte livet ned på jorda. Det var også eit mål at heftet skulle vere lett og hendig å ta med seg, sluttar Aspås. PIT PARION    forsatt frå baksida c q c d e b fbaargang2011 fbseksjonKIR