www.pirion.no PIT PARION I det tekstfokuserte samfunnet i dag er den skjønnlitterære teksten utfordra. Gjør det noko? I det tekstfokuserte samfunnet i dag er den skjønnlitterære teksten utfordra. Gjør det noko? Som vaksne er vi opptatte av at barn skal lese; skolen har leselystkampanjar som til dømes txt-aksjonen arrangert av Foreningen!Les, Leselyst initiert av Bokhandlerforeningen og Forleggerforeningen, og det blir stadig skrive om farane ved at unge i dag ikkje les like mye som før. No er det faktisk ikkje slik at lesinga er på retur hos dei unge i dag, dei les og skriv meir enn nokon sinne, men lesinga har tatt ei anna form; dei les og skriv ting på nettet og på mobilen, og unge som i tidlegare tider ikkje skreiv anna enn i skolesamanheng, er i vår tid ungdommar som driv på med både skrive- og lesekunsten i utstrekt grad også utanfor klasserommet. Det er den skjønnlitterære boklesinga som er på retur; barn og unge lystles ikkje som før. I følgje ei amerikansk undersøking las ein tredjedel av amerikanske ungdommar for si eiga glede si skyld i 1984, mens det talet var redusert til ein femtedel i 2004. Det er grunn til å tru at tala ikkje er så veldig annleis her til lands. Er det litteratur og lesing, og prøvde å formidle kva det var med den skjønnlitterære boka som gjorde at ho var verd å lese. Ikkje alltid gikk bodskapen inn, som da eg var i ein ungdomsskoleklasse på ein grendeskole inn mot svenskegrensa og snakka om kor bra det var å lese bøker. Ein gutunge svarte kontant og blidt: – Læssa bøker? Nei, det treng je itte. Je tek over garden, det er itte ælle som har den løkka. Så da stod eg overfor den vanskelege oppgåva, nemleg å få overtydd odelsguten om at han faktisk også i fjøsen ville ha god bruk for å ha lest anna enn slåmaskinmanualar og rundskriv frå meieriet. Skjønnlitteraturen skal utvide det rommet som det er å vere menneske; det er ein type litteratur som gir rom for dobbeltyding, undertekst, frampeik og hint. Alle desse kommunikasjonssjangrane er det ein menneskerett å ha fått lov til å bryne seg på, også som barn. Påstanden min er at utan å ha blitt utsett for gode, skjønnlitte- rære tekstar står barnet og ungdommen svakare i møtet med ei verd som kvar dag, heile tida, må tolkast og fortolkast. Og det er vårt ansvar som vaksne, som lærarar, forleggarar og forfattarar å gi og nå dei unge med desse tekstane. så farlig om ungane ikkje les skjønnlitteratur? Dei les jo, så kvifor skal vi framleis predike skjønnlitteraturens evangelium? Jo, fordi mens skriftytringane og litteraturen på Internett er særs demokratisk, inkluderande og medskapande – alle kan skrive fanfiction, ein sjanger som verkeleg stimulerer skaparkrafta og fantasien til den einskilde, å lage ein blogg er enkelt og kostnadsfritt osv. –, så er litteraturen i den tradisjonelle forma si redigert, gjennomlest og foredla. No før e-boka er sleppt i Noreg, finst ikkje Hilde K. Kvalvaags gjennomtenkte metaforar i ungdomsbokform, Johan Harstads velformulerte samfunnsanalysar og Sverre Henmos treffande skildring av ungdomskjensler. Det er altså viktig at barn og unge møter denne andre forma for tekst, den skjønnlitterære, fordi ho gir ei anna forståing enn ein meir umiddelbart skriven, uredigert tekst. Som forfattar hadde eg gleda av å reise rundt med bøkene mine i den kulturelle skolesekken, og da snakka eg alltid med elevane om RAGNFRID TROHAUG forlagsredaktør i Samlaget, barne- og ungdomslitteratur PiRion I Kunnskapsløftet står det som eitt av kompetansemåla etter 10. trinn, sitat: «Mål for opplæringen er at eleven skal kunne delta i utforskende samtaler om litteratur, kunst og film». Denne utforskande samtalen er mulig nettopp fordi desse kunstformene er opne for tolking og har fleire meiningslag i mye større grad enn dei sjangrane ungdom møter til vanlig. Som utgivar av litteratur for barn og unge, og som produsent av denne litteraturen, er det viktig å til ei kvar tid ha i bakhovudet at ein stor del av det vi gir ut, skal vere tekstar som utvidar og skapar større undring og forståing. Utfordringa i framtida for forfattar og forleggar blir å kunne møte den unge lesaren med skjønnlitterære tekstar i andre format og på andre plattformar enn papirformatet. Skal skjønnlitteraturen forts. side 3 Tips oss på pirion@norsk-plan.no Me vil gjerne ha tips og innspel om det er noko du syns me bør ta opp, eller om du har tips om bøker me bør skriva om. Sjå og www.pirion.no PIRION ER STØTTA AV KUNNSKAPSDEPARTEMENTET, FAGFORBUNDET OG LNK    PIRION 2/2011, 12. årgangen – ISSN 1502-3036 Utgivar: Stiftinga Pirion Adresse: Pirion, Vatlandsvåg, 4235 Hebnes Tlf: 52 79 04 82, faks 52 79 04 81. Heimeside:www.pirion.no Ansvarlegredaktør:AstridEidhammerHjelmeland,tlf52790484,mob.97194788E-post:pirion@norsk-plan.noKorrektur:DagGjerdeFormgjeving:Salikatdesign © Herborg Pedersen fbaargang2011 fbseksjonKIR