nøye med på borna, registrerer kven som held seg i bakgrunnen under leik, og vurderer om dette kan ha noko med dårleg språk å gjera. – Målet er at alle skal vera aktive og få den taletida som trengst. Derfor driv vi ei viss form for kartlegging, slik at vi er i stand til å gi den hjelpa kvart einskilt barn treng, fortel Vik. Og det går ikkje berre i høgtlesing. – Vi syng nynorske songar, lærer rim og regler, fortel eventyr med eigne ord ved hjelp av figurar, og vi har fleire spel som er laga for å stimulera språket. Til dømes Lotto, der borna øver seg i å forklara eit bilde slik at andre lett skal forstå det. – Vaksenrolla er viktig. Vaksne hjelper til med å finna dei rette orda, lærer borna at alt går etter tur, og syter for at alle er med på leiken. Norsk i ein fart Solveig Vik er fornøgd med resultatet så langt. – Språksatsinga har gitt gevinst til alle, ikkje berre til dei med vanskar. Borna har både utvikla språket og blitt glade i litteratur, fortel Vik. Spesielt er ho stolt over fire born frå Eritrea som kom til barnehagen med svært lite norskkunnskap i august i fjor. – Høyr på dei no, seier ho stolt, – det er nesten uråd å høyra at morsmålet deira er eit heilt anna. Ja, til og med o-endingane våre har fått plass i talespråket deira, stråler barnehagestyraren. Spennvidde Denne dagen er borna frå tre til seks år i avdelinga «Solsikkene» samla til forteljarstund på golvet i eit lite rom, og blant tilhøyrarane sit tre av dei eritreiske borna. Frå «Snakkepakken», som er ein bokkasse med figurar frå forteljingane, har Solveig Vik funne fram ei løve og ein løvefangar. Borna lever seg heilt inn i den spennande og litt nifse historia, ikkje minst borna frå Eritrea, som kanskje hugsar løvene i Afrika. – Kva synest du om forteljarstundene? Spørsmålet går til seks år gamle Rim Sami frå Eritrea. – Veldig spennande og kjekke, seier ho på kav dialekt. – Er norsk vanskeleg å læra? – Nei, norsk er lett, forsikrar den unge dama. – Men heime snakkar eg tigrinja med mamma, altså, legg ho til, – mamma vil ha det slik. – Har du ei favorittbok? Rim må tenkja seg litt om, for i barnehagen er ho blitt kjend med mange kjekke bøker. Så set opp eit stort smil. – Jo, norske eventyr! STORT TILFANG: Bringedalsbygda barnehage har bygd opp eit rikt og spennande utval av barnebøker på nynorsk. LES FOR DEI MINSTE – SJØLV SMÅ BORN LIKAR Å LYTTA TIL LESING F ørskulelærar Margunn Kjærland jobbar med dei minste borna i Bringedalsbygda barnehage, i avdelinga for dei frå null til tre år med det sommarlette namnet «Blåklokkene». Ho har erfart at også dei minste av dei små likar forteljingar og å Førskulelærar Margunn Kjærland har gode erfaringar med «Nynorsk i barnehagen». bli lesne for. Avdelinga har innført fast lesestund ein gong i veka, noko som neppe er heilt vanleg i småbarnsavdelingar. – Borna likar det godt. Vi les mykje elles også, men då er det borna som tek initiativet, fortel Kjærland. Born begynner tidleg å inte- ressera seg for ord, og den interessa bør stimulerast, seier ho. Kjærland har saman med ein av dei andre førskulelærarane i barnehagen delteke på Nynorsksenteret sitt kurs om prosjektet «Nynorsk i barnehagen». – Vi hadde godt stoff å formidla då vi kom heim. Kurset gav oss råd og vink om praktisk gjennomføring, og motivasjon til å gjera det. Sidan eg arbeider på ein småbarnsavdeling, så må eg forenkla ting for å kunna bruka det der. Bodskapen på kurset er mest retta mot dei største borna i barnehagen, seier Kjærland. Nynorsk og dialekt Kurset styrkte Margunn Kjærland i trua på at ein i nynorskområde skal prøva å unngå bruk av bokmål. Nynorsk og dialekt er det som fungerer best. – Å lesa god nynorsk er bra, sjølv om nokre av orda og uttrykka er framandarta i starten. Blandar vi inn bokmål, kan det oppstå ei unødvendig forvirring. Difor omset vi bokmålstekstar til dialekten vår på direkten når vi les. – Er det krevjande? – Nei då, det gjer vi automatisk, nesten utan å tenkja over det. fbaargang2011 fbseksjonKIR