Refleksjon er ikkje farleg Etisk refleksjon kan gjerast ufarleg med ein film eller ein kortstokk. Eller metoden kan bli så vanleg at ingen opplever det skremmande å diskutere etiske dilemma. Tekst og foto: KARIN E. SVENDSEN Åtte pleiarar i heimesjukepleia møtes kvar tredje veke for å diskutere etiske dilemma. Om ikkje alarmen går og alle er friske, er refleksjonsgruppa fulltallig. Rundt vaktskiftet på ettermiddagen har dei om lag tre kvarter saman. – Da heng vi ein lapp på døra og skrur av alle telefonar, fortel Eli Valdvik. Når dei har lukka NYTTIG HJELPEMIDDEL: – I byrjinga kan det vere lettare å nytte refleksjonskort enn meir personlege utfordringar, meiner Eli Valdvik (i midten). døra, sit dei difor uforstyrra i den gruppa som kan fungere som ein ventil for dei som er med. Refleksjonsgruppa i Vågå er ein del av eit større prosjekt i Vågå, Lom og Skjåk. Lom har drive med opne grupper for refleksjon i alle avdelingar i pleie og omsorg i over eit år. No er også dei to andre kommunane i gang med systematisk kompetanseheving på etikk. Dei tre kommunane øvst i Gudbrandsdalen har sidan hausten 2009 hatt rolla som Undervisningsheimeteneste i Oppland. Dei åtte er alle sjukepleiarar og hjelpepleiarar i heimesjukepleia. Dei har danna ei lukka gruppe med Eli Valdvik og Eva Fjøsne som gruppeleiarar. Dei to har tatt eit kurs i metode for rettleiing, men Valdvik er klar på at kompetansen på etikk er jamt fordelt, så alle er likeverdige deltakarar. Gruppa praktiserer det dei kallar sekvensiell samtale. Ein av deltakarane legg fram eit etisk dilemma for gruppa, og alle får høve til å seie kva for tankar dei får. – Ein opningsreplikk kan til dømes vere «Når du seier det, tenkjer eg...» Hjelpemiddel For mange er det utfordrande å hente fram eit dilemma frå eigen praksis. Ein kortstokk med NYTTIG FOR FLEIRE Dei tre kommunane i Nord-Gudbrandsdalen, Vågå, Lom og Skjåk, fekk rolla som Utviklingssenter i Oppland mellom anna fordi dei er utkantkommunar med store areal og stor avstand til sjukehus. Utviklingssenteret i Oppland prøver ut telemedisin og andre synkrone media, som til dømes undervisning på video. – Det er spesielt viktig å spare reiseutgifter i eit fylke med så store avstandar. Telekommunikasjon er også godt for tilgjenge, miljø og trafikktryggleik, seier prosjektleiar Åse-Kari Kobbersletten . Ho meiner andre kommunar i same situasjon kan lære av dei erfaringane dei gjer i Nord-Gudbrandsdalen. 32 > Fagbladet 5/2011 fbaargang2011 fbseksjonHEL