Fokus Å ta på seg eit kommunalt fosterheimsoppdrag er framleis ein økonomisk og menneskeleg risikosport. Dessverre er den nye fosterheimsavtalen berre ei redigering av den gamle. Den inneber inga endring i den rettslege stillinga for fosterforeldre i kommunale oppdrag. Ingen skilnad med ny fosterheimsavtale Monika Haanes Waagan Fostermor og barnevernspedagog, organisert i Fagforbundet, Møre og Romsdal. Harald Berre Fosterfar, med i Fagforbundets Faggruppe barnevern i Seksjon helse og sosial, leder i foreningen Fosfor. Det er umogleg for oss, som kommunale fosterforeldre, å råde andre til å ta på seg kommunale fosterheimsoppdrag. Først må vilkåra bli like trygge for kommunale som for statlege fosterforeldre. Å ta på seg eit fosterheimsoppdrag frå kommunen, er eit risikoprosjekt der ein spelar høgt, med sin eigen familie som innsats. Tryggleiken for eiga helse, noverande og framtidig familieøkonomi, framtidig pensjonsinntekt og eventuelle uføreytingar heng i ein tynn tråd. Om ulukka skulle vere ute, om oppdraget brått skulle bli avslutta eller endra, om sjukdom eller arbeidsløyse råkar, risikerer ein å stå på bar bakke, økonomisk, sosialt og menneskeleg. Etter å ha gått igjennom den nye, kommunale fosterheimsavtalen, innser vi at kommunale fosterheimar framleis tilhøyrer ein norsk pariakaste, der dei viktigaste lovene og reglane, som er sjølvsagte elles i arbeidslivet, ikkje gjeld. Berre omgrep som sosial dumping er dekkjande for forholda i store delar av den kommunale fosterheimsomsorga. Dersom ein i dag skal få i stand ein kommunal kontrakt som held mål, og som gir trygge nok rammer for fosterheimsoppdraget, må ein vere knallhard i forhandlingane med kommunen. Og det er det slett ikkje alle blivande fosterforeldre som er. Dei er tvert om idealistiske og ansvarsfulle menneske, med tiltru til at barnevernet held lovnadene sine og sørgjer for gode vilkår og nødvendig støtte for fosterbarnet og fosterfamilien. Dette er gode menneskelege eigenskapar, som ofte vert utnytta på det grovaste av norske kommunar, som kan gøyme seg bak lovverk og forskrifter som ikkje gjev rettar til fosterheimane. Målet med den nye avtalen skulle ifølgje departementet vere «å gjøre det enklere å være fosterforeldre». Dessverre er den nye avtala ikkje meir enn ein reproduksjon og Statlege familieheimar er sikra arbeidsgodtgjering på minimum 285.000 kroner i året. Men godtgjersle ut over dette kan avtalast. Utgiftsdekning i ein kommunal fosterheim er mellom 4478 og 6611 kroner per månad. Naudsynte dokumenterte ekstrautgifter kan dekkast av oppdragsgivar. Statlege familieheimar får dekt utgiftene med 7200 i månaden. Dersom heimen har høgare faktiske utgifter, skal beløpet justerast. Fosterforeldre på kommunalt oppdrag har ikkje rett på tenestepensjon, yrkesskadeforsikring, sjukepengar frå første dag, stillingsvern, dagpengar, kurs/rettleiing, fri og feriestøtte eller feriepengar. «Berre omgrep som sosial dumping er dekkjande for forholda i store delar av den kommunale fosterheimsomsorga.» ei viss redigering av den gamle. Dessutan er skilnadene mellom statlege og kommunale fosterheimar ikkje blitt mindre med den nye avtalen. Arbeidsgodtgjering for ein kommunal fosterheim er 76.440 kroner per år. Om oppdraget er krevjande, kan oppdragsgivar avgjere om godtgjeringa til fosterheimen skal aukast (forsterking). Staten sikrar familieheimane sine tenestepensjon, refusjon til frivillig yrkesskadeforsikring, sjukepengar frå første dag, stillingsvern og langsiktige avtalar. Statlege kontraktar sikrar retten til grunnopplæring samt kurs, opplæring og rettleiing på linje med tilsette i barne-, ungdoms- og familieetaten. Statlege familieheimar er sikra rett 36 > Fagbladet 6-7/2011 fbaargang2011 fbseksjonKIR