til frihelgar og betalte friperiodar, feriepengar og dagpengar utan vilkår. Er det meir krevjande å vere statleg fosterheim? De statlige fosterhjemmene tar imot barn med krevende tilleggsutfordringer.ª I utgreiinga barneminister Audun Lysbakken heldt for Stortinget 19. november 2010 har dette brått vorte ei slags forklaring på kvifor dei statlege har andre vilkår enn dei kommunale fosterheimane. Vi kjenner mange statlege beredskaps- og fosterforeldre og veit at utfordringane dei møter er store og at tilleggsvanskane til barna er krevjande. Vi kjenner likevel nok kommunale fosterforeldre til å vite at ein stor del slit med akkurat dei same utfordringane. Skilnadane mellom statlege og kommunale plasseringar har mindre og mindre å gjere med kor store vanskar barna slit med. Skilnadane kjem i staden til syne i dei enormt ulike vilkåra fosterheimane får for å utføre oppdraga sine. Dagens fosterbarn har i stor grad det statsråden kallar tilleggsutfordringarª. Dagens fosterbarn har ofte teke skade, dei treng ekstraordinær oppfølging, dei treng hjelp og dei treng behandling. Det er ikkje slik at barn med krevjande tilleggsutfordringar automatisk kjem til statlege familieheimar. Til det har vi for få familieheimar. Difor kjem det store fleirtalet av desse hardast råka barna truleg til heilt ordinære kommunale fosterheimar. Statsråden veit dette. Det kommunale barnevernet rundt om i landet veit det, Bufetat veit det. Dei veit samstundes at dette er økonomisk gunstige barneverntiltak. Ein må slutte å utnytte idealismen og ansvarskjensla til dei kommunale fosterforeldra. Ein må slutte å utnytte den kjenslemessige tilknytinga desse foreldra får til fosterbarna. Det er denne kjensla som hindrar dei i å avslutte oppdraget med dei elendige vilkåra. Det er uhaldbart at private heimar skal tape økonomi, trygderettar og sosiale rettar for å utføre ei oppgåve kommunane har teke på seg. Når alt dette blir retta opp, skal vi med glede oppmode andre å ta på seg fosterheimsoppdrag. Fosterheimsoppdraget er givande! Men den dagen ulukka eller sjukdomen råkar, den dagen arbeidsløya slår til, eller den dagen fosterbarnet avdekker krevjande tilleggsutfordringarª, er løn i himmelenª litt for langt opp og altfor langt fram. Det er no fosterforeldre i kommunane treng å behandlast skikkeleg. Fagbladet 6-7/2011 > 37 Illustrasjonsfoto: colourbox.com fbaargang2011 fbseksjonKIR