Fokus Målet med den nye kommunale avtalen som vart send ut til kommunane i januar, skulle ifølgje departementet vere «å gjøre det enklare å være fosterforeldre». Dessverre er den nye avtala ikkje meir enn ein reproduksjon og ei viss redigering av den gamle. Ingen skilnad med ny fosterheimsavtale Monika Haanes Waagan Fostermor og barnevernspedagog, organisert i Fagforbundet, Møre og Romsdal. Harald Berre Fosterfar, med i Fagforbundets Faggruppe barnevern i Seksjon helse og sosial, leder i foreningen Fosfor. Den nye avtalen inneber inga endring i den rettslege stillinga for fosterforeldre i kommunale oppdrag. Å ta på seg eit fosterheimsoppdrag frå kommunen er eit risikoprosjekt der ein spelar høgt, med sin eigen familie som innsats. Tryggleiken for eiga helse, noverande og framtidig familieøkonomi, framtidig pensjonsinntekt og eventuelle uføreytingar heng i ein tynn tråd. Om ulukka skulle vere ute, om oppdraget brått skulle bli avslutta eller endra, om sjukdom eller arbeidsløyse råkar, risikerer ein å stå på bar bakke, økonomisk, sosialt og menneskeleg. Etter å ha gått igjennom den nye, kommunale fosterheimsavtalen, innser vi at kommunale fosterheimar framleis tilhøyrer ein norsk pariakaste, der dei viktigaste lovene og reglane, som er sjølvsagte elles i arbeidslivet, ikkje gjeld. Berre omgrep som sosial dumping er dekkjande for forholda i store delar av den kommunale fosterheimsomsorga. Dersom ein i dag skal få i stand ein kommunal kontrakt som held mål, og som gir trygge nok rammer for fosterheimsoppdraget, må ein vere knallhard i forhandlingane med kommunen. Og det er det slett ikkje alle blivande fosterforeldre som er. Dei er tvert om idealistiske og ansvarsfulle menneske, med tiltru til at barnevernet held lovnadene sine og sørgjer for gode vilkår og nødvendig støtte for fosterbarnet og fosterfamilien. Dette er gode menneskelege eigenskapar, som ofte vert utnytta på det grovaste av norske kommunar, som kan gøyme seg bak lovverk og forskrifter som ikkje gjev rettar til fosterheimane. Skilnadene mellom statlege og kommunale fosterheimar er ikkje blitt mindre med den nye avtalen. Arbeidsgodtgjering for ein kommunal fosterheim er 76.440 kroner per år. Om oppdraget er krevjande, kan oppdragsgivar avgjere om godt- med 7200 i månaden. Dersom heimen har høgare faktiske utgifter, skal beløpet justerast. Fosterforeldre på kommunalt oppdrag har, mellom anna, ikkje rett på tenestepensjon, yrkesskadeforsikring, sjukepengar frå første dag, stillingsvern, dagpengar, kurs/rettleiing, fri og feriestøtte eller feriepengar. Staten sikrar familieheimane sine tenestepensjon, refusjon til frivillig yrkesskadeforsikring, sjukepengar frå første dag, stillingsvern og langsiktige avtalar. Statlege kontraktar sikrar retten til grunnopplæring samt kurs, opplæring og rettleiing på linje med tilsette i barne-, ung- «Skilnadene mellom statlege og kommunale fosterheimar er ikkje blitt mindre med den nye avtalen.» gjeringa til fosterheimen skal aukast (forsterking). Statlege familieheimar er sikra arbeidsgodtgjering på minimum 285.000 kroner i året. Men også godtgjersle ut over dette kan avtalast. Utgiftsdekning i ein kommunal fosterheim er mellom 4478 og 6611 kroner per månad. Naudsynte dokumenterte ekstrautgifter kan dekkast av oppdragsgivar. Statlege familieheimar får dekt utgiftene doms- og familieetaten. Statlege familieheimar er sikra rett til frihelgar og betalte friperiodar som blir kompensert om friperiodane er uheldig for barnet og ikkje kan takast ut. Statlege familieheimar er sikra feriepengar og dagpengar utan vilkår. Er det meir krevjande å vere statleg fosterheim? «De statlige fosterhjemmene tar imot barn med krevende tilleggsutfordringer.» I ut- 36 > Fagbladet 8/2011 fbaargang2011 fbseksjonKON