Reflekterer kvar dag Dei tilsette ved Kalhagen bufellesskap observerer og re- flekterer saman kvar dag. Det må til for å sikre brukarar med kognitiv svikt naudsynt oppfølging når noko er gale. Tekst og foto: KARIN E. SVENDSEN Ifull fart og med kort pust kjem ho litt forsinka inn på fellesstova denne morgonen. Personalgruppa på Kalhagen bufellesskap prøver å møtast cirka klokka halv ti kvar morgon når morgonstellet er ferdig og brukarane er vel framme på skulen eller arbeidsplassen sin. I dag har det vore ein litt spesiell morgon mellom anna med to legebesøk, og Liv Nygard, leiar for bufellesskapet, har hatt det litt travelt. Ho må få pusten att før ho kan prate. Til dømes om den gode roen. Helst vil ho alltid vere roleg og fokusert. Men nett no kjenner ho seg ikkje slik. Rause mot kvarandre Kollegene hennar veit at dagane kan vere travle. Berit Tokheim, Karen Elise Berge og Torill Hovden har full aksept for at dei må sitje rundt bordet og vente litt. Og Liv Nygard er takksam. – Her er vi opne. Me er eit godt team og spelar på lag. Det er lov å seie at noko er vanskeleg, fortel ho. Dei andre er samde i at det også må vere rom for å komme til kort. Det kostar dei ikkje noko å vedgå det. Difor er det heller ikkje vanskeleg å be om hjelp. Viktig morgonstund Det er ein engasjert gjeng som set seg ned kvar morgon for å utveksle observasjonar, reflektere over situasjonen til kvar og ein av bebuarane med psykisk utviklingshemning og organisere resten av dagen. – Denne halvtimen er kjempeviktig for oss, seier Liv Nygard. Men ho legg til at det ikkje berre er om morgonen dei gjer dette. For dei tilsette ved Kalhagen er det naturleg å observere i kvart eit møte med brukarane. – Me kjenner brukarane godt. Mange av oss har kjent nokre av bebuarane sidan dei var små, fortel Nygard. Både ho og medarbeidarane hennar legg fort merke til om ein brukar har endra kroppsspråk, eller om det er noko påfallande i måten han eller ho snakkar på. Ikkje berre i flokk Torill Hovden legg til at dei tilsette også legg til rette for å møte bebuarane ein til ein. – Det er viktig at brukarane ikkje alltid går i flokk. Me går til dømes gjerne på tur med ein av dei. I slike situasjonar er kon- KALHAGEN BUFELLESSKAP • Bustaden ligg i Norheimsund i Kvam kommune (Hordaland) med 8000 innbyggjarar. Her var ein distriktsheim for personar med utviklingshemning frå 1980. Kalhagen bufellesskap blei bygd i 1992. • Kalhagen er bustad for fire og har ansvar for 14 personar. Dei tilsette har til saman vel ni årsverk. takten på sitt beste, og vilkåra for å observere og lytte er god. Det er då me lettast får tak i det han eller ho er oppteken av, meiner Hovden, som er hjelpepleiar i vernepleie med vidareutdanning i psykiatri og aldersdemens. For også i Norheimsund er det slik at det 32 > Fagbladet 9/2011 fbaargang2011 fbseksjonHEL