Landets einaste dampsag gjer framleis nytte for seg. På Norsk sagbruks- museum i Namsos tek dei vare på maskinar og gamle arbeidsprosessar gjennom produksjon i småskala. Tekst: KARIN E. SVENDSEN Foto: THOR NIELSEN Ved munningen av Namsen står tømmerbommen som ein gong var så viktig for å halde tømmeret på rett kjøl. Nå står han som eit minne om ei tid da tømmeret frå dei namdalske skogane lett kunne flyte ut i havet i staden for å nå fram til sagbruket. På land innafor bommen ligg Norsk Sagbruksmuseum, Spillum Dampsag & Høvleri. Her har tømmeret vorte motteken, sortert og nytta mest utan avbrekk frå 1853 til 1986. Skulestover og bustader frå Haugesund til Kolahalvøya er reist av plank frå Namsos. Enno står små bygningar frå 1800-talet med panel og listverk som kan sporast tilbake til saga og høvleriet i Nord-Trøndelag. Museal produksjon Inge Sørgård, dagleg leiar av Norsk sagbruksmuseum, kan vise fram ein vegg med over 100 profilar til listverk, dør- og vindaugskarmar samt panel. Dei aller fleste er originale profilar frå 1800eller fyrste del av 1900-talet. Om nokon treng material forma etter ein bestemt profil som ikkje lenger fins, laga dei ein kopi av originalen. – Vi leverer mest til antikvarisk restaurering, fortel Sørgård. Ikkje nok med at dei gamle profilane er bevarte og framleis i bruk. Alt trevirke blir også sortert og tørka etter gamle metodar. Listverk og panel blir sidan forma på dei gamle maskinane. I produksjonshallen høyres somme tider dei skarpe kvina frå landets eldste dampsag og dei grove tonane frå høvleriet. Verner ved bruk – Når det er mildvêr, bruker vi gjerne maskinane. Dei rustar mindre og held seg betre enn om dei ikkje er i bruk, fortel Inge Sørgård. Men om vinteren blir metallet sprøtt, og det sprekk om maskinane blir nytta. Dampsaga og høvleriet i Namsos er eitt av 11 tekniske og industrielle kulturminne som riksantikvaren har funne særleg grunn til å bevare. Sidan 1991har anlegget hatt status som Norsk Sagbruksmuseum. Som museum har Sørgård og medarbeidarane hans som oppgåve å ta vare på bygningar og produksjonsmiddel. Det gjer dei gjennom balansert bruk og vedlikehald. Som produksjonsbedrift tek dei også vare på kunnskap om arbeidsprosessar. Arbeidslag med bredde Dei tilsette har til saman brei kompetanse. Her trengs både handtverkarar, akademikarar og produksjonsmedarbeidarar. – Vi har tømrar, snikkar og platearbeidar, fortel Inge Sørgård som sjølv er arkeolog med nyare tidsminne som spesiale. Nett no saknar han ein smed. Men lærling innan tømrarfaget har han. SAGBRUKSMUSEUM • Norsk sagbruksmuseum, Spillum Dampsag & Høvleri, har oppunder 10.000 vitjingar kvart år. Det blir driven som eit spleiselag mellom staten, Nord-Trøndelag fylkeskommune og Namsos kommune. Årleg omsetning for museet er mellom ein og to millionar kronar. Sagbruksmuseet er ei verksemd i Museet Midt som driv fire museum. • Museet i Spillumsvika er truleg landets største trebygg med ei grunnflate på 2950 kvadratmeter. Bruksarealet er på 4400 kvadratmeter. • Norsk Sagbruksmuseum har ni årsverk; fire tilsette i produksjonen, tre på vedlikehald og tre i administrasjonen. – Inga utdanning er tilpassa verksemda her. Uansett 30 > Fagbladet 9/2011 fbaargang2011 fbseksjonKIR