Noregs eldste dampsag starta i Spillumsvika i 1853. Spillum Dampsag & Høvleri vart oppretta i 1884. Heile bruket vart øydelagt ved storbrann i 1894, men vart gjenreist som eit mykje større sagbruk året etter. Her var utstyr for saging, høvling, sortering og tørking samt verkstad for reparasjon av maskinparken. Fleire maskinar kom frå Christiania maskinverkstad. Frå 1920-talet til 1933 låg verksemda nede. Sagbruket blei modernisert og elektrifisert mellom 1939 og 1947. I 1986 kjøpte Norske skog Spillum, og produksjonen var lagt ned. Det var da 28 tilsette. To år seinare vart Stiftinga Spillum Dampsag & Høvleri, Norsk Sagbruksmuseum stifta. Målet var å bevare anlegget som var truga av riving. Dette var i ein periode då Miljøverndepartementet, riksantikvaren og Norsk kulturråd auka innsatsen for å ta vare på tekniske og industrielle kulturminne. Stiftelsen fekk økonomisk støtte til å kjøpe anlegget som museumsføremål, og i 1991 kunne museet opne. No blei mellom anna dampmaskina frå 1800-talet rekonstruert, men er ikkje i bruk. Også dei andre maskinene er originale eller henta frå andre sagbruk. kven som byrjar, må dei lære det meste når dei kjem hit, seier museumsleiaren. Sørgård meiner dei viktigaste kvalifikasjonane til dei tilsette er materialforståing og interesse for historie og kulturminne. – Og så må vi vere fleksible. Vi må trå til der det trengs, seier han og vender seg mot Geir Otterbekk. – Geir, som eigentleg er produksjonsarbeidar, guidar til dømes turistane når det trengs, seier han. Meir solid før Dei ni tilsette ved Spillum Dampsag & Høvleri produserer ikkje berre for sal til restaurering, men får også eigne restaureringsoppgåver. Geir Oterbekk og fleire av kollegene hans er for tida oppteken av restaurering av Helseheimen i Namsos frå 1926. Bygningen blir no nytta som barnehage, men nokre av vindauga og dørene er delvis rotna, og blir restaurerte på Spillum. Dei tek ut glaset i vindaugsramma, skraper vekk kitt og maling, byter ut trevirke der det er ròtent og impregnerer ramma i linolje. Alle hengsler blir reinska med terpentin. – Det var ein annan kvalitet før, meiner Otterbekk, og fortel om korleis trevirke blei sortert etter kvalitet og bruksområde. Inste del av treet, kjernetreet, som er mest solid, blei brukt til listverk, medan resten av treet blei brukt til panel. Før blei også trea blinka ut til bestemte føremål før hogst. Ingen ting til spille Turistar som vitjar sagbruksmuseet blir ofte slått av korleis den nøysame leve- og tenkemåten frå 1800-talet er teken i vare på Spillum Dampsag &g Høvleri. – Heile stokken blei brukt. Også i dag nyttar vi mest alt, fortel Geir Otterbekk. Barken gikk til produksjon av fiskekasser, spon og flis gikk til fyring. I fyrkjellaren varma dei opp vatn som blei brukt til oppvarming av lokala. BERRE PÅ SPILLUM: Ingen andre stader får du tak i listverk og panel forma etter gamle profilar og produsert med dei originale maskinane, av mellom anna Geir Otterbakk. SKREDDARSAUM: Inge Sørgård passar på at profilar og panel blir tilpassa restaureringsbygningen. Plankebyen Namsos Namsos vaks fram ved munningen av Namsen rundt dei mange sagbruka. Elva var fløtingsvegen, og forsynte sagbruka med tømmer. Hogstmoden tømmer frå heile Namdalen, dei største skogane nordenfjells, blei fløtt ned til Skagen lense. Her blei tømmeret samla, sortert etter merke og bunta. Ved flo sjø blei det ført fram til rette sagbruk med slepebåt. Det var då damp kunne erstatte krafta frå vassfall rundt 1860, at sagbruka ved utlaupet av elvar kunne vekse fram. Då sagbruka måtte liggje ved stryk, var dette ei sesongnæring. No kunne sagbruka drive heile året. Sagnæringa blei hovudnæringa i Namsos. I mange år var trevirke Noregs største eksportnæring. For framveksten av Namsos var det viktig at byen i 1845 fekk laderettar. Det tyder at folk i byen hadde rett til å eksportere. Då byen blei etablert i 1845, fantes ikkje skikkelege lenser eller innretning for fløting. Mykje tømmer dreiv difor til havs og gjekk tapt. Dei trakk til seg kapital og kompetanse sørfrå, og spesialarbeidarar frå Solør bygde dammar og tømmerrenner, og dei konstruerte betre bommer og lenser. Rundt 1900-talet var ein periode med økonomisk oppgang. Alle byar trong skulestover og mange arbeidarbustader. På denne tida var det seks sagbruk og høvleri ved ladebyen. Den økonomiske krisa på 1920-talet ramma også sagbruksnæringa, og dei fleste sagbruka vart nedlagde. Dei som overlevde fekk ta del i bustadbygginga i etterkrigs-Noreg. 32 > Fagbladet 9/2011 fbaargang2011 fbseksjonKIR