BLIR SPELA I KLASSEROMMET: Elevane veit berre at dei skal sjå eit teaterstykke, ikkje at reinhaldaren er skodespelar. Klar og tydeleg leiing – Vi er alle skodespelarar i det store teateret arbeidsplassen. Det meste er greitt så lenge vi har sams mål. Ingebjørg Sletto er fagleiar på Forvaltning drift og vedlikehald i Førde kommune. Ho tykkjer ein god leiar skal finne sin eigen måte å leie på. Det er viktig å sjå folka bak fasaden. Tenkje seg om, betrakte, sjå og lytte. Vi har ein munn, men to øyre og to auge. Ikkje privat på jobb Ingebjørg Sletto visste ingen ting om Tor Henning Karlsen då han vart tilsett. Forhistoria med mobbing vart ho først kjend med då arbeidet med skodespelet kom i gang. – Eg veit ikkje heilt om ting vart annleis etter det. Det er rart korleis underbevisstheita jobbar. Det er kanskje litt enklare å forstå måten hans å vere på enkelte dagar. Eininga har 40 tilsette frå 12 nasjonar. Sletto vil gjerne kjenne familien deira, kulturen, landet og maten, men meir involverer ho seg ikkje i liva deira. – Alle skal få ein sjanse i møtet med arbeidsgjevar. Difor såg eg heller ikkje teaterstykket. Eg ville ikkje byrje å analysere situasjonane. Dette er fortida til Tor Henning. Eg held meg til notida og framtida. Sletto visste tidlig at eit teaterstykke var i emning. Tor Henning hadde klårgjort det med ho, det same hadde teatersjefen fordi dei trengde Tor Henning nokre dagar. – Eg veit ikkje om kollegaene hans visste noko på førehand. Det er ikkje eit tema når eg møter dei tilsette. Vedlikehaldsavdelinga er spreidd over heile kommunen, og vi møtest på felles faglege samlingar to–tre gonger i året. For Sletto er det viktig å finne arbeidsplassar som dei enkelte tilsette trivst på, og grupper som passar saman. Arbeidsdagen er på åtte timar, og då er det viktig å ha det bra. – Dei som vil jobbe åleine, får det, og dei som vil jobbe i gruppe, får det. Tryggleik er målet – Tor Henning ringer og seier i frå når han ikkje er i form. Vi diskuterer arbeidet som skulle ha vore gjort og korleis det kan takast på ein annan måte. Om Tor Henning kjem i affekt, er det ikkje noko problem. Dette intervjuet har Sletto blitt einig med Tor Henning om på førehand. Sletto vil vere klar og tydeleg som leiar. – Eg har gått i meg sjølv for å finne ut korleis eg kan handtere folk. Hovudmålet er at dei eg er fagleiar for, skal vere trygge. Det dei seier til meg i fortrulegheit, vert mellom oss Samspill uten mobbing For at samhandling skal gi en god følelse, ønsker vi å kjenne tilhørighet og forstå eller finne mening i det som skjer. Vi trenger å ha innflytelse, og å oppleve personlig vekst. Mobbingen bryter mot disse grunnleggende sidene ved vårt forhold til andre mennesker, derfor rammer den så hardt. Gode relasjoner skapes ved at: • mennesker blir kjent med hverandre under trygge forhold og får utvikle et variert og balansert forhold til hverandre. • partene ser hverandre som likeverdige og knytter positive antakelser til den andres hensikter. • det bygges opp mellommenneskelige bånd som tåler både forskjeller og uenigheter. • det oppstår en positiv dynamikk når vi oppdager at det er mulig å lære noe av andre. • vi tror på andres løfter og kjenner tillit. Mens golv vaskast, snakkar skodespelaren med elevane. Han stiller spørsmål, og langsamt kjem heile den vonde historia til Tor Henning fram. Om korleis det vart ei vane at han ikkje skulle klare noko, og ikkje ville noko. Dette var kvardagen og tankane hans. Håpet lever – Eg vart veldig rørt og glad då teaterstykket blei laga. Det var utruleg. Kyrre som spelar meg, var med på jobb og observerte meg. Spelet hans var som å sjå meg sjølv. > I dag har Tor Henning problem med å for- Fagbladet 10/2011 > 11 Kilde: Jobbing uten mobbing/Inkluderende arbeidsliv fbaargang2011 fbseksjonHEL