Dei kløyver ved og gamle haldningar Gjennom godt utførd arbeid syner dei seg sjølve og andre at dei duger til litt av kvart. Dei tilsette på arbeids- og treningssenteret vinn jobbar på pris og kvalitet. Tekst og foto: KARIN E. SVENDSEN Han kløyver ved til den store gullmedaljen. Tor Stian England hiver ein ferdig kløyvd vedkubbe ned i kassa og bøyer seg for å ta tak i ein ny. Med vande rørsler legg han kubben på plass i kløyvemaskina. Han er rutinert, så det er ingen kunst å smile og helse på forbipasserande midt i arbeidsprosessen. Men når det kjem til sjølve kløyvinga, er England fullt konsentrert om oppgåva. For når han dreg i spaken, sett han i gang ein hydraulisk kløyvar som er skarp nok til å kløyve tjukke vedkubbar, så her må ein vere varsam så ikkje fingrane kjem i vegen. Variert arbeid I fire år har England kappa, kløyvd og pakka ved på Luster Arbeids- og treningssenter (ATS) i kommunesenteret Gaupne. – Før var eg her fire dagar i veka, no arbeider eg fem, fortel England. Han bur i nabokommunen Sogndal, og vert henta for å byrje arbeidsdagen klokka ni kvar morgon. – Eg arbeider heilt til klokka halv tre, opplyser 26-åringen. Når han ikkje produserer ved, er han med på køyring av ved eller andre produkt frå ATS. Eller han er ute og gjer grøntarbeid her eller hos private kundar. – Gaupne er eit bra sted å vere, meiner England. Og det kjem godt med at han arbeider som om han skulle fått medalje for innsatsen. For vedprodukta frå Gaupne er etterspurte. Luster ATS kjøper trevirke lokalt pluss noko frå Hallingdal. Dei produserer 9000 sekker i året, og nesten alt blir kjøpt opp av private kundar. Det gjer bedrifta til den største leverandøren av ved i distriktet, og er ei viktig kjelde til inntekt for verksemda. Skubbar på haldninger Odd Atle Stegegjerdet har vore dagleg leiar ved ATS i Luster kommune i Sogn og Fjordane sidan 1998. Han er oppteken av å skubbe på inngrodde haldninger. Det har han og dei tilsette mellom anna gjort gjennom val av arbeidsoppgåver. ATS har til dømes tre bilar, og Stegegjerdet spurde seg 34 > Fagbladet 10/2011 EIN GOD STAD: – Eg liker godt å arbeide her, seier Tor Stian England. fbaargang2011 fbseksjonHEL