TEMA: Mobbing  Eg tenkte at no skal eg byrje på nytt. At no skal alt gå bra. Men det viste seg at basiskunnskapen min var lik null. Det var veldig trist å oppleve at ikkje noko sat att verken i matte, norsk eller engelsk. Nederlaget vart tøft.  Eg ville ikkje ha det slik. Kvifor skulle eg det? Det var då eg skreiv eit lesarinnlegg i Firda om barndommen min. Han vart kontakta av ein journalist; det vart avisoppslag og nye intervju. Det enda med at han tok kontakt med advokat og gjekk til søksmål mot Flora kommune for mangelfull skulegang ved barne- og ungdomsskulen gjennom mange år.  Saka tok to veker. Eg fekk erstatning frå Flora kommune på 100.000 kroner. Dei pengane forsvann fort, for eg var arbeidslaus og gjekk på sosialstønad på den tida. Stønaden vart inndrege fordi eg hadde pengar på kontoen. Teater i klasserommet Tor Henning har jobba mykje med seg sjølv for å få det betre. Han har og fått psykiatrisk hjelp. For seks år sidan fekk han sambuar og jobb. Han har fast stilling som reinhaldar, ironisk nok på skulane i Førde.  Det går greitt så lenge psyken er i orden. Sjefen min har forståing for at nokre dagar ikkje er like enkle. Undervegs tok Sogn og Fjordane teater kontakt om opplevingane til Tor Henning. Resultatet vart at dramaturg og forfattar Aslak Moe skreiv monologen Du anakjeª. Klasserommet er scena, og reinhaldaren Tor Henning er spela av skodespelar Kyrre Eikås Ottersen. Det einaste elevane får vite er at det skal vere eit teater i klasserommet. 10 > Fagbladet 10/2011 fbaargang2011 fbseksjonKON