følgt opp med pc-baserte videokonferansar. • For å få oversikt over tilbod om fagskoleutdanning som er godkjend av Nokut, kan du nytte heimesida til Fagforbundet Seksjon helse og sosial; www.fagforbundet.no/shs Føde og barsel på SUS: • Fødeavdelinga tilbyr smertelindring som til dømes massasje, akupunktur og lystgass. Her blir om lag 5000 barn fødd kvart år. • Fødeloftet er ei avdeling for fødslar som venteleg er utan risiko. Her blir det fødd om lag 1200 barn i året. • Barselhotellet er for friske kvinner og barn etter fødselen. • Barselposten er for kvinner og barn som av medisinske grunnar ikkje kan ha barselopphaldet på hotellet. • Alle avdelingar og postar har barnepleiarar. I tillegg til den formelle tilleggsutdanninga har barnepleiarane på SUS høve til jamleg oppdatering. Saman med jordmødrene har dei ein dag med felles undervisning kvar 12. veke. I tillegg til at barnepleiarane får fagleg påfyll saman med jordmødrene på sjukehuset ein gong i kvartalet, er fire av dei i gang med klinisk fagstige. Seksjonen for føde og barsel har ein sjukepleiar som er tilsett mellom anna for å rettleie dei som tek etterutdanning. Mange har også tatt ammerettleiingskurs på Ammeskolen i Oslo. – Vi går alltid på noko, seier Tollefsen og Lybekk. Og viss ikkje dei er opptekne av eit kurs, går dei gjerne og ventar på eit. SPESIALUTDANNA: Therese Tollefsen og Klara Lybekk veit kva som skal til for dei nyfødde. Klare roller Klara Lybekk er glad for at barnepleiarane på SUS har fleire oppgåver enn mange andre stader. – Vi brenn for faget og gjer alt for å gjere oss uunnverlege, smiler ho. Barnepleiarane skaffar seg ein kompetanse som arbeidsgjevar veit å verdsette. For sjukehuset er kontinuerleg fagleg oppdatering viktig for å sikre kvaliteten på tenestene. Og når arbeidsgjevar er nøgd, blir det mindre aktuelt å gjere om fagstillingar til høgskolestillingar. Slik veks tryggleiken på SUS, og sjukehuset har inga problem med å rekruttere barnepleiarar. Ein viktig del av kompetansen i eit samansett system som ei sjukehusavdeling, er å vite kva som er oppgåva til kvar og ein, og kva dei andre kan forvente av den einskilde. – Medan jordmor har fokus på mora, har vi fokus på barnet, fortel Klara Lybekk. Barnepleiarane veit når det skal takast blodprøver av barnet, når den vesle treng ljos, kva som trengs når han er prematur og så bortetter. – Fleire og fleire mødrer får problem med amminga, så ammerettleiing blir meir og meir viktig, fortel ho. Betaler utdanning sjølv Barnepleiarane på SUS meiner at arbeidsgjevaren verdsett yrkesgruppa deira. Men Klara Lybekk og Theres Tollefsen skulle ønskje at sjukehuset også dekka kostnadene ved å ta fagskolen. Dei fortel at utdanninga kostar om lag 35.000 kroner pluss at ein ikkje har inntekt i praksisperioden. Og den einaste støtte dei får, er stipend frå Fagforbundet . Fagbladet 11/2011 > 31 fbaargang2011 fbseksjonHEL