kva leiken krev. Borna har også byrja å bestilla scenografi frå pedagogane og ber om særskilde figurar til leiken. – Ut frå erfaring med korleis eit rom kan skapast, korleis dei romlege elementa og materi- BORTE VEKK Mina si mamma kan mykje rart, men det ho er flinkast til, er å rote vekk sakene sine. Mamma har rota vekk lesebrillene sine. Heldigvis er det supertilbod på briller i dag, så nå skal mamma til byen saman med Mina for å kjøpe nye. Før dei dreg, må Mina hjelpe mamma med å finne lommeboka hennar, for utan lommebok blir det ingen bussbillett, og utan bussbillett ingen bytur. Dei finn lommeboka i kjøleskapet under brunosten, bak smøret, ved sida av middagsrestane. Endeleg kan dei dra til byen, men vent litt – kvar er nøklane til mamma? Borte vekk handlar om ein familie som brukar mykje tid på å leite etter ting dei har rota vekk. På humoristisk vis skildrar Ingvild Nielsen dei heimslege scenane som både born og vaksne kan kjenne seg att i. Her får lesaren innblikk i den forventningsfulle leitinga, i ei jente som nesten misser alt motet etter at mamma har mist nok ein ting dei treng før dei kan dra, og i ein super premie som KYSS EIN BOKSTAV Denne boka er ei finurleg samling med små historier der den raude tråden består av språk og bokstavar. Her kan ein lese korleis små bokstavar kan endre alt saman, korleis noko lett kan bli misforstått, eller kor vanskeleg nokre ord er å seie. Me møter Mikkel, som ikkje likar at storebroren Sondre har fått seg kjærast. Difor skriv Mikkel ei tekstmelding han kanskje ikkje burde skrive, til kjærasten hans. Me møter Ingrid, som er så forelska at ho skriv store I-ar med O-ar inni. O for Oliver. Og Fritz, som vil hjelpe dyra i Afrika. Historiene er engasje- rande og lette å leve seg inn i. Mange av dei vil passe godt til høgtlesing, samstundes som fleire av dei er ganske krevjande og vil passe best for dei litt eldre barna. Ord og kjensler høyrer saman. Ofte kan det vere godt å setje ord på noko som er vanskeleg, litt rart eller berre dumt. Og somme tider kan orda vere sjølve døropnaren. Vesle Dunja har nett lært seg å lese, og no lærer ho farfar å lese. Farfaren har ellet kan kombinerast og byggjast med, tek borna i større og større grad initiativ til å byggja scenografiar sjølv, avsluttar Hansson. Borte Vekk Av: Ingvild Nielsen Ill: Inger Lise Belsvik Mangschou 2011 ventar Mina når dei endeleg kjem seg til byen. Inger Lise Belsvik sine illustrasjonar kan ta mykje av æra for at boka står fram som humoristisk og livleg. Med sterke fargar og ein naiv strek klarar ho ikkje berre å supplere forfattaren sine ord, ho skapar også ei eiga historie som lesaren vil få med seg ved å studere bileta som fyller store deler av sidene i boka. Saman klarar Nielsen og Belsvik å skape ei herleg rote- og leitebok, som vil dra fram latteren hjå både foreldre og born. Av Anita Svendheim Kyss ein bokstav Av: Erna Osland Skald 2011 nemleg ikkje hatt tid til å lære seg å lese, han har vore omreisande og jobba med hestar. Då er det naturleg å lære seg å både skrive og lese ordet hest. Dette er ei god bok for barna som skal presenterast for leseglede og skrivekunst. Desse historiene kan vise dei at orda kan vere til hjelp og til trøyst. Og ikkje minst at det er viktig å gjere språket til sitt eige. Judith Sørhus Litlehamar Fagbladet 1/2012 > 41 Bokmeldingar fbaargang2012 fbseksjonKIR