Karmøy kommune innførte lange vakter rundt ein brukar. Etter åtte år trengte han ikkje lenger to miljøarbeidarar. No er det nok at ein tilsett følgjer han frå morgon til kveld. Tekst: KARIN E. SVENDSEN Foto: GRETHE NYGÅRD Lange vakter gav betre teneste På Karmøy har dei prøvd ut mange ulike turnusar. Tanken bak alle endringane har vore å auke kontinuiteten for brukarane og betre arbeidsmiljøet for dei tilsette. Lange dagar Elisabeth Torkelsen og Hanne Lund arbeider i eit rekkjehus med fire bustader for vaksne brukarar samt personalbase. Her bur personar med store og samansette funksjonshemningar, og alle dei tilsette går lange vakter. Dei arbeider 14 timer kvar dag i sju dagar før dei har tre veker fri. Dei har pause mellom ein og halvannan time kvar dag. Den andre veka i friperioden har dei ein kontordag pluss bakvakt. Elisabeth og Hanne er begge knytt til eit team på åtte som arbeider for to av dei fire brukarane som bur her. Før var teamet sett saman av seks miljøarbeidarar og -terapeutar, og dei følgde ein brukar. – Vaktskifte var ein stressfaktor for brukaren. No slepp han det, seier Elisabeth. Ho har vore her sidan ho heldt på med omsorgsarbeidarutdanning for ti år sidan. – Det har vore ti fantastiske år, syns omsorgsarbeidaren som no er i gang med vidareutdanning i målretta miljøarbeid. ALLE ER KJENDE: – Vi har innført ein turnus der brukaren møter berre kjende, og dei tilsette arbeider alltid saman med nokon som kjenner brukaren godt, seier Elin Hansen. Ingen vikarar Dei tilsette opplever at dei lange vaktene gjer det mogleg å skape dagar med betre flyt og fleire gode opplevingar. – Vi kan gjere kjekke ting som dagsturar og lange reiser, seier Elisabeth. Ho meiner også at ho blir betre kjend med brukarane når dei er saman heile dagen. – Vi ser dei på ein annan måte, og vi les dei tydelegare. Eg ser om noko er gale, og kan spørje om han eller ho til dømes har vondt i hovudet. Det er viktig for ein brukar som har lite språk. I den førre langturnusen frå 2001 måtte dei ta inn vikarar ved sjukdom og ferieavvikling. I evalueringa av arbeidsmiljøet gav dei tilsette uttrykk for at vikarbruken var ein stor belastning. Etter at den nye turnusen med bakvakt vart innført, kjende dei seg trygge på at dei alltid vil arbeide med kollegaer som kjenner brukaren godt. – Det er heilt stabilt her no. Det veg opp for belastninga med mange, lange dagar etter kvarandre, meiner Elisabeth og Hanne. Lang veke For tungt er det. Kanskje er dei slitne fjerde eller femte dagen. Då er dei redde for at dei ikkje er merksame nok, at dei ikkje er hundre prosent til stades. – Men som regel går det fint, og eg får ei vanvittig kjensle av meistring når eg går av vakt den sjuande dagen, fortel Hanne. Ho er vernepleiar og har om lag sju års røynsle frå ulike bustader i verksemda, dei siste to–tre åra i denne bustaden i Rusvikvegen. Hanne er samd i at stabiliteten for    > 36 > Fagbladet 2/2012 fbaargang2012 fbseksjonHEL