same. Det er viktig å innføre nulltoleranse på sladder, som skaper splitting i personalgruppa og eit usunt miljø. Det vil nesten alltid være ein person som liker å skape litt blest, ofte gjennom sladder og bakvasking. Det har leiaren eit stort ansvar for å fange opp og slå ned på. Leiaren bør altså være ein omsorgsperson på arbeidsplassen. På eit overordna nivå som er vedteke, sett i system og nedfelt i arbeidsreglementet – med tiltak – slik at kvar og ein i personalgruppa er Illustrasjonsfoto: colourbox.com sikra at dei vert sett og høyrt. Berre ved slik kvalitetssikring kan me få eit godt arbeidsmiljø, ein fullstendig utnytting av kapasiteten til den enkelte og dermed auka effektivitet. Dette er ei investering for heile samfunnet. Dermed kjem vi til problemstillinga om kven som er eigna til å drive personalleiing og vere sitt ansvar bevisst på dette nivået. Til sjuande og sist ligg hovudansvaret kanskje på den som har ansvar for tilsetjinga av leiaren. Det nytter nemleg ikkje berre med gode eksamenspapir i administrasjon og leiing når mennesket står i fokus. Det seier seg nesten sjølv at utan arbeidserfaring, eller erfaring med arbeid «på golvet», har ein ikkje kjent på kroppen korleis ting kan opplevast, og burde heller ikkje vore leiar. Slik kunne vi kanskje unngå å trakke på små arbeidsmaur som ofte jobbar mykje meir effektivt enn dei som står i krokane og kviskrar (jf. innlegg i Fagbladet nr.12/2011). Personalet er nemleg den viktigaste ressursen me har. Utan pliktoppfyllande arbeidsmaur, stoppar bedrifta opp. Fagbladet 3/2012 > 41 fbaargang2012 fbseksjonHEL