Askeland og Maagerø opplevde gjennom studiet sitt, «Fagspråk i barnehagen. Fra riddere til gravemaskiner», at det er ei høg grad av sjangerblanding i fagbøker for barn. – I fagbøker for større barn og vaksne er tekstane sakprosatekstar, medan det i fagbøker for barn er eit større spekter av sjangrar. Det kan i tillegg til fagprosatekstar vere eit vers, eit rim eller ei forteljing. Denne sjangerblandinga skapar variasjon og kan vere med på å gi barna ein pause eller gjere teksten morosam, seier Maagerø. Sjølv om det er mange fagbøker på marknaden, meiner dei to tekstforskarane at det er plass til fleire. – Det vil alltid vere behov for nye, gode, oppdaterte fagbøker for små barn. Det er også behov for å marknadsføre dei betre; at barnehagen veit om dei, og at foreldra ser dei, konstaterer Maagerø. Må synleggjerast – Fagbøker for barn må dessutan bli melde. Det er det for lite av i dag. Media må vere med og synleggjere dei i det offentlege litterære rommet. Små barn er viktige, men får ikkje så stor plass som vaksne. Eg ønskjer også ein debatt om kva som er gode fagbøker for barn, held ho fram. Eva Maagerø og høgskulekollega Norunn Askeland såg på to område i studiet sitt. I tillegg til å studere tekst i fagbøker såg dei på fagspråket i barnehagen. – Vi var i ein barnehage og observerte mellom anna ein assistent som var veldig språkmedviten. Han nytta heilt daglegdagse situasjonar der han var saman med barna, til å undre seg over ord saman med dei. Anten dei var ute i skogen eller inne og laga eit univers av planetar, så kunne han nytte situasjonen til å undre seg over ord og uttrykk. Det var ikkje alltid nøye gjennomtenkte pedagogiske opplegg for språkstimulering, men han nytta seg av situasjonen dei var i, fortel Maagerø. Ho peikar på at det er viktig å vere medviten om språket i barnehagen. – Barnehagen er vesentleg for å byrje ei god språkleg utvikling. Dei fleste barn går i barnehage, og dette er dermed ein god arena å starte arbeidet med språket på, seier ho. Tradisjonelle tema i fagbøker for barn har vore dyr og teknikk, medan det dei siste åra har kome fleire bøker om til dømes korleis barn blir til, sjukdom, venskap og død. Maagerø meiner at mange barnehagar er flink til å finne gode fagbøker. – Mange er flinke til å velje ut bøker som er gode både visuelt sett og verbalspråkleg sett, seier tekstforskaren til slutt. ”Det at barn i førskulealder ikkje les sjølve, men blir lesne for, er avgjerande for kva de”i får med seg av tekst. HUN & HAN Hun & han er ei bok heilt utan tekst, men med bilete som kan setjast saman, slik at vi kan leike med roller og kjende bilete av ho og han, kvinne og mann. Boksidene er delte i to, overdelen av ein kropp og underdelen av ein kropp. Dermed kan det bli mamma, pappa, bestefar eller kanskje tante som står på rullebrett, alt etter som du blar fram og tilbake. Kan bestemor surfe? Kan pappa strikke? Kan kven som helst spele elgitar eller køyre traktor? Hun & han kan kanskje kome til å glede gamle feministar og irritere dei som VIVALDI Denne boka handlar ikkje om komponisten Vivaldi, om du skulle tru det, men derimot om jentungen Tyra, som er så blyg at ho aldri snakkar på skulen. Ho veit ikkje kva ho skal seie til dei andre, og når ho endeleg kjem på noko, har dei andre mista tålmodet og gått sin veg. Til slutt byrjar dei å vende ryggen til ho. Tyra forstår ikkje kva som er i vegen med ho. Luktar ho annleis, eller kva er det? Livet Tyra lever utanfor skulen, er betre. Der er mor og far og bestemor, som høyrer på Vivaldi. Dessutan kattungen til Tyra, som også får namnet Vivaldi. Mobbing og utestenging er vondt å forstå. Det er vondt å setje seg inn i korleis det eigentleg kjennest for den som har skoen på, og det er vanskeleg å finne rasjonelle svar på korfor somme kan vere så fæle mot andre. Forfattar Helge Torvund er i tillegg n a H u & h n n Madalena Matoso (illustrasjon) Magikon forlag 2011 meiner likestillinga er komen meir enn langt nok. Forhåpentleg vil ho vere ein god katalysator for barn og vaksne som vil leike med sine eigne førestillingar og bilete av korleis verda er og kan vere. Toyni Tobekk Vivaldi Helge Torvund (tekst), Maria Kanstad Johnsen (illustrasjon) Magikon forlag 2011 psykolog, og i slutten av boka skal Tyra få lov å gå til psykolog. Men den som håper å finne konkrete svar på konkrete problemstillingar, vil nok ikkje finne dei i denne barneboka. I staden er ho ein glimrande formidlar av stemningar, humør og kjensler. Ein kan så godt kjenne på korleis Tyra har det, heile vegen. Kanstad Johnsens teikningar og fargebruk er på alle måtar med på å understreke toneleiet til Torvund. Vivaldi er ei god bok som er nøydd til å munne ut i gode samtalar. Toyni Tobekk H & h u a n Illustrasjonsbilete Bokmeldingar fbaargang2012 fbseksjonKIR