NYNORSK FRÅ SKULESTART Det er samlingsstund for første og andre klasse ved Søre Fusa oppvekstsenter. Fem gutar og sju jenter sit på låge trebenkar med blikket vendt mot lærar Marit Bergheim Lyhammer. Marit held opp ein blå plakat med eit dikt om månen, som er skrive av Halldis Moren Vesaas. – Kan vi ikkje lese det sånn hakkete? spør ein av elevane. – Jau, men først tek vi det med vanleg stemme og på vanleg måte, svarer Marit. Og så les dei i kor: MÅNEN MÅNEN ER SÅ GUL OG RUND. AUGE HAR HAN, NASE, MUNN. INGEN BEIN DET EG KAN SJÅ. ENDA KAN HAN STÅ OG GÅ, STÅ OPP, GÅ NED, RUND OG GUL. PYTT, HAN TRILLAR SOM EIT HJUL! Av Halldis Moren Vesaas fbaargang2012 fbseksjonKIR