NYNORSKSENTERET er eit nasjonalt ressurssenter for nynorsk i grunnopplæringa og barnehagen. Senteret driv ulike utviklingsprosjekt for å styrkje nynorskopplæringa. På nettstaden Nynorsksenteret.no finn du nyttige ressursar for skulen og barnehagen, til dømes teikneseriar på nynorsk, boktips om nye nynorske bøker og døme på undervisingsopplegg. Her finn ein òg aktivitetssidene Berte og Iver, der barna kan utforske ulike rom med språkaktivitetar, spele spel, sjå animasjonsfilmar og mykje meir. Alle ressursar er sjølvsagt på nynorsk og er gratis og tilgjengelege for alle. Olaug Bjørndal Bokmeldingar Så er det endeleg tid for å lese hakkete, med trykk på kvar staving. Etterpå får kvar elev velje ei oppgåve: Dei kan anten ringe rundt ein å-bokstav, ringe rundt to ord som rimar, eller ringe rundt eit ord som har to stavingar. Elevane er konsentrerte og ivrige. Til slutt les dei diktet i kor igjen. Det er lett å merke at dette er eit opplegg elevane kjenner. Marit er oppteken av å bruke poetiske tekstar. – Eg har ei spesiell tru på å bruke poetiske tekstar med dei yngste. Elevane lærer mykje av det, og det er ein svært god måte å jobbe på for å byggje opp språkleg medvit, forklarer ho. Kvar veke får elevane møte eit nytt dikt på nynorsk. Klassa har sidan hausten 2011 vore med på prosjektet «Nynorsk frå skulestart». Åtte skular rundt om i landet er med på dette prosjektet, som fokuserer på at elevane skal møte det nynorske skriftspråket tidleg, gjerne i form av nynorsk barnelitteratur. Marit har valt å fokusere på bruk av nynorske dikt og bøker i samband med skriveaktivitetar. Dikta og bøkene blir modellar for elevane, og Marit understrekar at gode modellar er viktige: – Mange kommersielle og masseproduserte bøker har eit språk som er vanskeleg å lese for elevane, og dette gir dei eit dårleg utgangspunkt. Eg legg vekt på å bruke gode bøker og prøver å inspirere foreldre til å gjere det same, fortel ho. Det er tid for matpause, og elevane set Lærar Marit Bergheim Lyhammer ved Søre Fusa oppvekstsenter har ei spesiell tru på å bruke poetiske tekstar i språkarbeid med dei yngste. – Elevane lærer mykje av det, og det er ein svært god måte å jobbe på for å byggje opp språkleg medvit, forklarer ho. seg ved pultane sine. Skiver med leverpostei, fårepølse og brunost dukkar opp frå fargeglade matboksar, og Marit finn fram boka Vaffelhjarte av Maria Parr. Dei snakkar litt om handlinga i boka, tenner «leselyset», og så er det tid for høgtlesing. Etter langfriminuttet står Lesetoget på planen. Dette er eit opplegg med stasjonslæring, og toget går mellom stasjonane Leseland, Datadalen, Skrivestova og Lesekos. I Leseland får elevane lesetrening gjennom rettleidd lesing med Marit, i Datadalen jobbar dei sjølvstendig med språkstimulerande aktivitetar og spel på nettsidene Berte og Iver, i Skrivestova skriv dei eigne vinterdikt på datamaskin saman med assistent Maud Markhus, og på stasjonen Lesekos les dei i koseboka si. Rulleringa mellom stasjonane skjer sjølvsagt ved togtransport, og elevane kosar seg når dei får gå i tog og synge: «Her kjem lesetoget, å lesa er bra!» Skuledagen er over for dei yngste elevane ved Søre Fusa oppvekstsenter. Nokre skal heim, andre på SFO. Akkurat kva dei tenkjer på når dei går ut i snø og sludd denne tidlege ettermiddagen, veit vi ikkje, men vi kan sjå for oss at dei nynnar litt på songen om Lesetoget eller ei strofe eller to frå månediktet på vegen heim. HEMMELIGHETEN D ette er ei fargerik og sjarmerande biletbok der me møter Andrik, som har blitt forelska. Han er kjempeforelska i Anda, men det er ein løyndom ingen må få vite. Likevel, det er vanskeleg å halde på slike løyndommar, og Andrik møter veninna Gåsa, som han trur seg til. Og plutseleg er det ganske mange som veit at Andrik er forelska i Anda. Boka er gjennomførd, med detaljrike teikningar og fine og vare pastellfargar. Spesielt er det tydelege og gode ansiktsuttrykk på dyra; hanen som er så stolt og rakrygga, hunden som ertar Andrik fordi han er forelska, og gåsa som ikkje klarer å halde på løyndommen fordi han MARIE PÅ BASAR og fire andre forteljingar D ette er den andre boka om Marie og barndommen hennar. Den første boka kom i 2009 og vart veldig populær, i barnehagar, men òg på mange aldersheimar. Forteljingane om korleis det var å vekse opp i ei lita bygd på 50-talet, fengjer tydelegvis mange. I denne boka er det nettopp den gode forteljinga som er det berande elementet. Teikningane, derimot, er nesten som små stoppestader langs historia, dei fylgjer forteljinga og bygger opp under handlinga. Me kan drøyme oss vekk til ei anna tid, ei tid då veslebror til Marie, Magnar, skulle sykle til Buo – som butikken vart kalla – og kjøpe brød. Brøda gløymde Magnar på butikken, men hunden René Gouichoux, illustrert av Marc Boutavant Magikon Forlag 2011 bles seg opp i brystet, klatrar oppover i halsen og trengjer seg ut gjennom nebbet. Til og med dei minste borna veit litt om kor vanskeleg det er å halde på løyndommar, kor lett det er å fortelje vidare noko ein eigentleg ikkje skulle sagt, kor spanande det er å vite noko ingen andre veit. Denne boka viser oss på ein fin måte kva som kan skje dersom ein fortel noko vidare litt for raskt. Judith Sørhus Litlehamar Av Olaug Marie Bjørndal Illustrert av Anja Tveiterås 2011 deira, Sonja, ho passa på slik at brøda kom på rett plass dagen etter. Me høyrer også om når Marie mista støvelen sin i kuskiten, om kosebamsen som forsvann i høyet, om Marie som gjekk på basar og fekk ein uventa gevinst med seg heim, og ikkje minst om den store hoggormen som storebror Arne drap i hagen. Dette er kvardagshistorier fortalde i eit levande og naturleg språk. Små stoppepunkt i boka, med forklaringar på vanskelege ord eller gjenstandar, som til dømes åre-sal på basar og «å stia», gjer boka lettare å lese også for dei som ikkje har dagleg kontakt med bygdelivet eller landbruk. Judith Sørhus Litlehamar fbaargang2012 fbseksjonKIR