¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇElse Andersen søkte og fekk full stilling fordi ho hadde arbeidd hundre prosent i fire år. Ho har no to faste jobbar i Kvinesdal kommune, og er nøgd med løysinga. Tekst: KARIN E. SVENDSEN Foto: EVA KYLLAND Trivast med to jobbar Else Andersen deler veka og seg sjølv mellom eldreomsorg og psykiatri. Tre dagar er ho på Kvinesdalsheimen, og to dagar arbeider ho i ein av bustadene for vaksne med ei psykiatrisk liding.  Eg begynte som alle andre; hadde låg stillingsbrøk på heimen og tok lause vakter både der og andre stader. Til saman blei det alltid minst hundre prosent, minnes ho. I mange år arbeidde ho annakvar helg.  Det er jo slik vikarar har det, seier ho. Rett til full stilling Det var på byrjinga av 1990-talet at første tilbodet om desentralisert utdanning som hjelpepleiar kom til Kvinesdal kommune i Vest-Agder. Else var mellom dei som greip høvet, og har sidan teke vidareutdanning i psykiatri. Ho har i alle år hatt ei deltidsstilling på Kvinesdalsheimen. Etter ein periode med lause vakter her og der, kombinerte ho arbeidet på heimen med ei fast deltidsstilling i ein bustad for personar med utviklingshemming. Den siste tida før ho fekk hundre prosent fast, hadde ho 40 prosent på heimen og 20 prosent i eit bufellesskap i psykiatrien. Då det vart utlyst ein ny 20 prosent stilling i bufellesskapet, søkte Else om å få utvide I PSYKIATRIEN: Her er Else Andersen 40 prosent av arbeidsveka.  Eg gler meg til å komme tilbake hit etter nokre dagar i eldreomsorga, seier ho. stillinga si. Fordi ho hadde arbeidd hundre prosent i meir enn fire år, fekk ho støtte av hovudtillitsvald.  Sidan har eg hatt 60 prosent fast på sjukeheimen og 40 prosent fast i psykiatrien, fortel Else Andersen. Ei veke med kontrastar Else Andersen lever godt med denne løysinga. Ho tykkjer det er greitt at ho nokre dagar slepp å skifte til uniform når ho kjem på arbeid. Uniform eller ikkje markerer ein forskjell på dei to jobbane hennar.  Det eg gjer, er også så utruleg forskjellig, og for meg er variasjonen gjennom veka først og fremst ein stor helsegevinst, seier ho. Full jobb på sjukeheimen trur ho ville ha vore for tungt.  Eg merker det i armer og rygg når eg har vore der nokre dagar i strekk. Då er det godt for kroppen at eg tek ein spasertur. Og det er jo nett noko av det eg gjer i den andre jobben min, seier ho. For i psykiatrien prøver dei mellom anna å motivere til eit sunt liv; variert kosthald og litt mosjon. To flotte arbeidsplassar Hjelpepleiaren syns kombinasjonen mellom ein jobb som er fysisk krevjande, og ein annan jobb kor det viktigaste er å vere til stades og møte bebuaren der han eller ho er, er heilt ideell.  Egserberrefordelarmedforskjellane.Eg ¸ˇ30 > Fagbladet 6-7/2012 fbaargang2012 fbseksjonHEL