¸ˇ¸ˇTar saken Siv Kjøllmoen, rådgjevar i forhandlingseininga i Fagforbundet, meiner det er flott at tillitsvalde nyttar paragraf 14-9 i arbeidsmiljøloven for å auke stillingar slik dei gjer det i Kvinesdal.  Loven er ikkje heilt tydeleg, men etter mi meining klår nok, seier ho. Kjøllmoen hevdar at tilsette har krav på den stillingsprosenten som svarer til det dei har arbeidd dei fire siste åra.  Me har mange medlemmar som har 20 prosent stilling i botn, men som likevel arbeider 75 prosent. Då har dei rett på 75 prosent fast stilling, seier ho. Rådgjevaren i Fagforbundet oppmodar tillitsvalde til å ta kontakt dersom dei ikkje får gjennomslag for auka stillingar hos arbeidsgjevar. ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇPå HEIMEN: Her er Else Andersen 60 prosent av arbeidsveka.  Det er godt å komme tilbake hit etter nokre dagar i psykiatrien, seier ho. blir aldri lei. Det er tvert imot slik at når eg har vore i ein bustad ei helg, gler eg meg til å arbeide på heimen når måndagen kjem, seier Else Andersen. Det er fleire grunnar til at ho ikkje kunne ha tenkt seg å arbeide full tid på heimen. Ikkje berre at det ville ha slitt for mykje på kroppen.  Eg ville ha sakna kollegane og bebuarane her. Og omvendt. Else skjøner ikkje dei som ikkje vil prøve å kombinere to stillingar, eller dei som ikkje trivs med det.  Men det blir for enkelt å berre seie at dei tilsette ikkje vil. For alle partar må leggje seg i selen for å få det til, meiner ho og tenkjer mellom anna på at ein leiar må tilpasse turnusen til hovudarbeidsplassen. Framleis mange helger Sjølv om ho er positiv til variasjonen og alle gevinstane som følgjer med, tykkjer ho at ho arbeider ei helg for mykje i løpet av den seks veker lange turnusen.  Eg er på arbeid fire av seks veker. Skal eg vere heilt ærleg, syns eg det er ei helg for mykje. Men eg får jo meir fri på vekedagane. Det er fordeler og ulemper med alt. Fagbladet 6-7/2012 > 31 fbaargang2012 fbseksjonHEL