¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ 25 år var ikkje lang nok ansiennitet til å få arbeid på medisinsk, så eg søkte meg til psykiatrien for å sleppe å reise til Førde, seier ho. Ein annan hjelpepleiar og ein sjukepleiar valde som Magnhild å gå over til psykiatrien.  Vi har vorte motteken på ein veldig god måte, understrekar ho. Men ho tykkjer likevel det er krevjande å byrje på eit helt framand arbeidsfelt og få 30 nye kollegaer samstundes. Uklar bakgrunn for vedtaket Oddrun Rye, sjukepleiar og leiar på ortopedien dei siste 12 åra, har også pasientane i tankane når ho fortel om ein velfungerande post med eit unikt fagmiljø.  I alle år som leiar har eg kjempa for at vi skal ha eit godt tilbod til ortopedipasientane i regionen, seier ho. For sju år sidan vart kirurgisk og ortopedisk slått saman. Talet på senger vart redusert, og posten har sidan vore ein rein ortopedipost.  Vi bygde opp eit solid fagmiljø, og eg vil hevde at posten har fungert godt med effektiv pasientflyt. Så sjølv om regionen har for mange ortopediplassar totalt, skjøner eg ikkje kvifor det var her dei skulle leggjast ned, seier ho. Avdelingsleiaren har ikkje høyrt noko godt argument for nedlegginga.  Det må vere noko som tel meir enn omsyn til pasientane og økonomien, seier ho. Kan bli fleire framover Magnhild Geitle Sundal er ikkje sikker på at ho blir verande på psykiatrisenteret. Ho har fått beskjed om at fortrinnsretten gjeld i to år. Vigdis Smørdal, tillitsvald på sjukehuset i Eid i 30 år, er glad for at Sundal og dei andre på ortopedien er sikra arbeid. Men ho føler med alle dei som er fortvilte over at dei har mista avdelinga der dei har arbeidd all si tid og har trivas godt.  Dessutan mistar dei fortrinnsretten om dei seier nei På GAMLE OG TOMME TOMTER: Oddny Rye og Magnhild Geitle Sundal saknar arbeidsdagane på ortopedien. Dei kjenner seg usikre på kor vegen vidare fører dei. > Fagbladet 8/2012 > 33 fbaargang2012 fbseksjonHEL