¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇKompetansen er høg, men dei har ikkje papir på det. Nå tek 32 praksiskandidatar i Nord-Trøndelag fagbrev i helsefag. Karriere- senteret hjelper til med å skaffe manglande teori og praksis. Tekst: KARIN E. SVENDSEN Foto: THOR NIELSEN TAR SISTE STEGET Ho er ein av åtte assistentar i Verdal som snart tar fagbrev i helsefag. Marthe Bartnes (36) har allereie fagbrev som sveisar og har difor det meste av teorien i boks. Ho har også arbeidd fem år på demensavdelinga ved Ørmelen bo- og servicesenter og i heimetenesta.  Eg må berre ta helsebiten i teori og 14 månaders praksis andre stader før eg går opp til fagprøva, fortel ho. Variert praksis Kravet til praksiskandidatar som vil gå opp til fagprøva, til fagbrev er fem års praksis. Grunnen til at Marthe fem år i jobb treng meir praksis, er at ho mange andre i helsesektoren, ikkje har hatt full stilling. Dei to første åra etter at ho slutta som sveisar, hadde ho sommarjobbar og ymse vikariat på sjukeheimen. Deretter fekk ho ein fast 45 prosent stilling på sjukeheimen. Etter kort tid vart det innskrenking slik at ho måtte fylle stillinga med to dagar i veka i heimetenesta. Praksisen skal ikkje berre vere lang. Han skal også vere variert.  Eg har arbeidd mykje med pasientar med demens, men lite i rein pleie. Kanskje kan eg også få arbeide med menneske med nedsett funksjonsevne i denne perioden, håper praksiskandidaten som er svolten på å lære mest mogleg på dei 14 månadene. Vil lære meir Målet er å ta fagbrevet så snart som råd er. Men eg vil også få ein variert praksis slik at eg lærer mest mogleg, seier Marthe Bartnes. Ho har tenkt på å ta fagbrevet før, men det var først då ho kom med i prosjektet Fagbrev på jobb at ho gjorde alvor av det. Ho tenkjer at det kanskje er alle dei gode kursa på arbeidsplassen som gjorde at ho ikkje kom i gang med fagbrevet.  No trur eg at eg med tida også vil ta vidareutdanning, seier ho. Når ho har fått fagbrevet i handa, treng ho endå to års praksis før ho kan begynne på fagskulen.  Satsar på oss Alle praksiskandidatane i helsefag frå den sørlege delen av Nord-Trøndelag samlas kvar veke til teoretisk under- Bartnes etter som så altfor ¸ˇSVOLTEN På KUNNSKAP:  Eg vil lære så mykje som mogleg, for eg trivst veldig godt i jobben, seier Marthe Bartnes, her saman med Gerd Kullstadvik på sanserommet. ¸ˇUNIKT OG POSITIVT:  Det er flott å kunne vere med og løfte kompetente tilsette fram til fagbrev, syns Brit Flatås. visning.  Vi møtes på ulike verksemder og får omvisning av institusjonssjefen som informerer om korleis dei driv. Slik får vi sjå mange ulike måtar å arbeide på, fortel Marthe Bartnes. Praksiskandidaten er takksam for at kommunen vil satse på henne og dei andre som har lang røynsle frå arbeidslivet.  Dei er flinke i Verdal kommune, meiner ho.  Og skule, arbeidsgjevar og kompetansesenteret samarbeider godt, er hennar inntrykk. Bartnes er takksam for høvet til å ta utdanninga sjølv om ho reknar med å måtte betale gjennom å gå nokre gratis ekstravakter. På den andre sida er ho garantert grunnløna si til ho går ut av prosjektet  ventelig med fagbrev som helse- fagarbeidar. 30 > Fagbladet 11/2012 fbaargang2012 fbseksjonHEL