¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇtil vaksne Dei veit at dei kan mykje sjølv om dei ikkje har papir på det. Men no skal dei ta fagbrev. Med prosjektet Fagbrev på jobb er det blitt mogleg utan å gå ned i løn. Tekst: KARIN E. SVENDSEN Foto: THOR NIELSEN  Vi trur vi kan det, seier Berit Strandholmen.  Men det kan vi sikkert ikkje, svarer kollega Monica Nilsen på fleip. For dei har lang røynsle frå arbeid med barn og unge. Og dei har mange kurs bak seg, mellom anna om konflikthandtering. Men det er eit viktig og krevjande tema, så dei gler seg til å lære meir om dette  og om mykje anna.  Det blir fint å få nokre faglege knaggar å hengje det på, meiner Monica Nilsen (40). Ho har arbeidd 13 år på SFO ved Frol oppvekstsenter i Levanger i NordTrøndelag. Frå før har ho tre års praksis frå barnehage. Praksisen hennar er lang og variert nok til å ta fagbrev som praksiskandidat.  Men eg hadde ikkje dokumentasjon frå alle verksemdene. Det måtte eg få i boks før praksisen kunne verte godkjend, fortel ho. Kjenner seg trygge Monica Nilsen og kollegaen hennar, Berit Strandholmen (46), er med i prosjektet Fagbrev på jobb. Denne hausten skal dei saman med 15 andre elevar frå sørfylket samlast seks dagar og elles lese og svare på oppgåver på nett. Dei reknar med å kunne gå opp til fagprøva til våren. For også Strandholmen har lang nok praksis med nesten ti år i barnehage, ni år i skule som assistent for barn og unge med funksjonshemning og seks år i barnehage. Ho er dessutan utdanna helsesekretær slik at også ein god del av teorien er på plass. UNIKT OG POSITIVT:  Det er flott å kunne vere med å løfte kompetente tilsette fram til fagbrev, syns Brit Flatås. Dei to kjenner seg trygge på at undervisninga skal gå greitt. At alt går føre seg på nett tykkjer dei heller ikkje er nokon ulempe. Monica er på datamaskina mest kvar dag, medan Berit ikkje er ein like ihuga nettbrukar. Men som helsesekretær veit ho at det er fullt mogleg å setje seg inn i ulike program. ¸ˇ32 > Fagbladet 11/2012 fbaargang2012 fbseksjonKIR