¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇPå VEG TIL FAGBREV:  Hjartet mitt ligg i SFO, seier Monica. Berit vil gjerne arbeide meir med barn og unge med multifunksjonshemningar.  Vi prøver å rettleie dei over tersklane og gjennom jungelen. Vi veit ikkje alltid korleis vegen framover kan leggjast opp, men vi veit alltid kor vi skal leite etter ei løysing, seier Flatås. Enorm kompetanse Karriererettleiaren fortel at praksiskandidatane har lang erfaring frå arbeidslivet og at dei etter kvart har fått ein enorm kompetanse.  Då er det kjekt å kunne hjelpe dei den siste biten mot fagbrev, syns Brit Flatås. Ho legg til at det ikkje berre er eit gode for kvar og ein som får fagbrevet. For kommunane og fylket er det også viktig å auke formalkompetansen. Den teoretiske undervisninga for praksiskandidatane er heildigital. Flatås hadde venta at det ville bli eit problem for mange. Men også der var kompetansen høg. Så no har karrieresenteret oppretta både heimeside og facebook-gruppe for dei som tek del i prosjektet.  Det som derimot har vore ei utfordring, er manglande dokumentasjon på tidlegare jobbar. Mange arbeidsgjevarar skriv knappe attestar utan naudsynte opplysningar om innhaldet i stillinga, seier ho. ¸ˇFleire fagbrev i Nord-Trøndelag Fylkeskommunen etablerte i januar i år ei prosjektgruppe som laga ein oversikt over tilsette utan fagbrev i dei åtte kommunane som vart med i prosjektet Fagbrev på jobb. Karrieresenteret med kontor i Verdal og Namsos, begge med tre tilsette, har arrangert informasjonsmøte om praksiskandidatordninga for dei tilsette som har søkt om og fått ein plass i prosjektet. 35 av elevane er tilsett i oppvekstsektoren, medan 32 arbeider i helsesektoren. Karriererettleiarar ved dei to sentra har vore med på å vurdere deltakaranes kompetanse. Dei har også hatt karrieresamtalar med kvar einskild for å legge opp individuelle planar fram mot fagbrev. All undervisning er heildigital. Fagstoffet ligg på www.ndla.no. Karrieresentra og praksisarbeidsplassane har lært opp faglege rettleiarar slik at alle kandidatane får individuell rettleiing når dei er ute i praksis. 34 > Fagbladet 11/2012 fbaargang2012 fbseksjonKIR