¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇfor fleire fagbrev Fem fylke er med i eit prosjekt for at tilsette skal ta fagbrev.  Mange kan mykje sjølv om dei ikkje har papir på det, seier karriererettleiaren Brit Flatås i Nord-Trøndelag. Tekst: KARIN E. SVENDSEN Foto: THOR NIELSEN Med prosjekt Fagbrev på jobb er det no mogleg for praksiskandidatane å ta fagbrev i helsearbeidar- og i barne- og ungdomsarbeidarfaget. Mange av dei går heller ikkje ned i løn. Brit Flatås på Karrieresenteret i Verdal er ei av dei som legg til rette for at kvar og ein skal komme i mål.  Det er fint å kunne gje folk eit godt tilbod som att- påtil er gratis, syns ho. Blir løfta Karriererettleiaren meiner dei 67 praksiskandidatane fortener å bli løfta fram som ei verdfull arbeidskraft.  Vi må sjå at dei har viktig kompetanse, og vi må verdsetje den, seier ho. Det gjer ho og kollegaene hennar ved Karrieresenteret i Nord-Trøndelag med kontor i Verdal og Namsos. Men for at kandidatane skal få kompetansen formalisert i form av fagbrev, er mange partar med på laget. Nokon treng mykje teori, andre lite. Dei fleste treng også ulik praksis over lang eller kort tid.  For at alle kandidatane skal få høve til å fylle på med den praksisen og den teorien som manglar, er vi heilt avhengige av eit godt samarbeid med mellom andre dei vidaregåande skulane og private og offentlege verksemder, seier ho. Heildigital undervisning Den teoretiske undervisninga for praksiskandidatane er heildigital. Skulane nyttar fagstoff på nettet samt oppgåver knytt til dei ulike temaa. Flatås hadde venta at det FØLGJER OPP:  Det er alltid ein god grunn til at folk ikkje har tatt fagbrevet før. Difor prøver vi å gje dei den støtta kvar og ein treng, seier Brit Flatås. ville bli eit problem for mange. Men også der var kompetansen høg. Elevane finn undervisningsmateriell på ei nasjonal nettside, og dei finn oppdatert informasjon om prosjektet i sitt fylke og på facebook.  Det som derimot har vore ei utfordring, er manglande dokumentasjon på tidlegare jobbar. Mange arbeidsgjevarar skriv knappe attestar utan naudsynte opplysningar om innhaldet i stillinga, seier ho. ¸ˇ32 > Fagbladet 11/2012 fbaargang2012 fbseksjonKON