¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇKJENNER SEG TRYGGE:  Dei vil ha oss i mål, og vi får den hjelpa vi treng, seier Berit Strandholmen ved Frol oppvekstsenter i Levanger. Ho er på veg til å bli barne- og ungdomsarbeidarar. Tilbyr fleire samtalar Brit Flatås ved Karrieresenteret i Verdal har vore på mange verksemder og møtt elevane på deira eigen arbeidsplass. Dei fleste kandidatane har også vore innom karrieresenteret.  Vi fylgjer alle elevane tett, og vi reknar med at kvar og ein treng to eller tre karrieresamtalar undervegs, seier Flatås.  Når eg seier tett oppfølging, meiner eg det, så viss nokon skulle trenge fleire møte, får dei det, legg ho til. For karriererettleiaren veit at det er minst ein grunn til at folk ikkje har tatt fagbrevet. Nokre fekk tidleg avsmak for skulen, andre blir skremde av skjema, og så er det alle dei som utsett det til ein annan gong. Og plutseleg kjennes det som det er for seint.  Vi prøver å rettleie dei over tersklane og gjennom jungelen, seier Flatås. Økonomien er sikra To av praksiskandidatane er Berit Strandholmen (46) og Monica Nilsen (40). Dei har begge lang erfaring frå arbeid med barn og unge, og arbeider no på Frol oppvekstsenter i Levanger. Dei to har vore inne på tanken om å ta fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, men det var først med prosjektet Fagbrev på jobb at det vart noko av.  Det er klart det hjelpte at vi er sikra grunnlønna medan vi held på, seier dei. Bente og Monica har nok praksis, men treng teori før dei kan gå opp til fagprøva. Dei kjenner seg trygge på at > Fagbladet 11/2012 > 33 ¸ˇNasjonalt prosjekt for fleire fagbrev Kunnskapsdepartementet (KUD) og Helse- og omsorgsdepartementet (HOD) inviterte sommaren 2011 fylkeskommunane til å prøve ut vidaregåande opplæring på arbeidsplassen. Nord-Trøndelag er eitt av fem fylke som vart med i prosjektet som skal auke den formelle kompetansen mellom dei tilsette i kommunale og private verksemder. Dei andre fylka er Hordaland, Rogaland, Hedmark og Vestfold. Hovudmålet med prosjektet er at dei ufaglærte tilsette tar fagbrev i omsorgs- og oppvekstsektoren. Prosjektet skal utvikle og prøve ut opplæringsmodellar for ufaglærte i desse sektorane. Prosjektet vert organisert ulikt i dei fem fylka, men felles er samarbeidet mellom fylke, vidaregåande skular, LO, NHO, Nav og kommunale og private verksemder. Oppdragsgjevar for prosjektet er KUD og HOD. Vox (Nasjonalt fagorgan for kompetansepolitikk) har det nasjonale ansvaret for prosjektet, og følgjer opp prosjektet i samarbeid med Helsedirektoratet og Utdanningsdirektoratet. fbaargang2012 fbseksjonKON