¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇTA SJANSEN:  Får du sjansen, må du vere med og konkurrere. EM-vinnarane Ann Cathrin Hole og Lisa Søderlund Adsem oppmoder andre ungdomar til å gripe høvet om det byr seg. meir informasjon om sjukdomsbiletet til pasienten og heimesituasjonen hennar.  Me hadde to timar til å førebu oss til to oppgåver. Ein med diabetes og ein akuttsituasjon med brannskade, fortel Lisa. I tillegg såg dei to filmar og skulle vurdere korleis pasientane vart handterte av helsepersonellet. Kjente eg var i live Dei to EM-vinnarane tykte oppgåvene var greie.  Men det er krevjande å ha eit stort publikum og dommarar rundt seg, syns Lisa Søderlund Adsem. Ho merka godt nervane.  Viss ein mister fokus ein augneblink, er det som ein fell heil ut. Men me hjelpte kvarandre. Eg merka at Ann Cathrin trekte meg inn igjen om eg falt ut. Og etter konkurransen:  Hjartet slår, og du kjenner at du lever, seier ho. AUKER OMDØMET: Prisvinnarane saman med Yvonne Soggemoen og Raymond Turøy frå Fagforbundet.  Gullet styrkar helsearbeidarfaget Raymond Turøy jublar med jentene. Han meiner EM-vinnarane har styrka sjølvkjensla til landets helsefagarbeidarar. Gull hjelper også på omdømet til faget. Nestleiar i Fagforbundet Seksjon helse og sosial (SHS), Raymond Turøy, følgde Lisa Søderlund Adsem og Ann Cathrin Hole gjennom EM i den belgiske småbyen Spa.  Dette var spanande, seier han.  Og framfor alt var det kjekt at dei to helsefagarbeidarane frå Rogaland, som også er med i Fagforbundet, tok gull, syns nestleiaren i SHS. Turøy er mektig imponert over alle ungdomane som var med i EM. Og sjølvsagt i særleg grad over Lisa og Ann Cathrin. Godt for alle helsefagarbeidarar Turøy meiner slike meisterskap er viktige for å setje fokus på yrkesfaga og kvaliteten på yrkesutøvinga.  Konkurransane er difor viktige for rekrutteringa til yrka. Og eg er ikkje i tvil om at innsatsen til Lisa og Ann Cathrin er med på å auke statusen til helsearbeidarfaget, seier Turøy. Han fortel at forbundet har fått ei mengd tilbakemeldingar frå andre helsefagarbeidarar som seier dei er stolte av dei to jentene. Det har også gjort dei stolte over eige yrke.  For gullmedaljane syner sjølvsagt at me har kjempegode utøvarar av yrket, seier han. Lysande stoltheit Raymond Turøy tykkjer Lisa Søderlund Adsem og Ann Cathrin Hole er gode representantar for helsefagarbeidaryrket.  Når me ser dei i arbeid, er det lett å sjå at dette er eit yrke dei elskar. I tillegg er dei svært reflekterte, gode til å kommunisere med kvarandre og med pasientane og har ei umåteleg god evne til å vise omsorg, seier han. Nestleiaren i SHS er også nøgd med at Kristin Halvorsen tok seg tid til å vitje europameisterskapet midt under budsjetthandsaminga.  Når både utdanningsministeren, Tor Arne Solbakken frå LO og Sigrun Vågeng frå KS kjem, syner det at omdømet til yrkesfaga står sterkt, meiner Raymond Turøy. Fagbladet 11/2012 > 15 Foto: Karin E. Svendsen fbaargang2012 fbseksjonSAM