¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇKlara kan mykje rart om mat Av Teresa Grøtan Skald 2012 Denne boka gjev svar på mange kloke spørsmål om mat. Klara får vere med bestemor og bestemor i gardsbutikken deira, og der finn ho ut mykje rart både om kor maten kjem frå og korleis ein lagar maten. Teresa Grøtan har også skrive boka Klara kan mykje rart om klede. Med desse historiene viser ho barna verdifull kunnskap som diverre held på å forsvinne i gløymeboka. Det blir viktigare og viktigare å vise borna at maten ikkje kjem frå frysedisken på butikken. Visste du at jordbær eigentleg ikkje er bær, men falsk frukt, at honning er biespytt, eller at ein må ha løype i mjølka for å lage ost? Klara veit alt dette. Besteforeldra er flinke til å svare på alle spørsmåla hennar, og me får lov til å vere med henne og bestemora på besøk til så vel eit ysteri som ein ekte sjokoladefabrikk. Denne boka vil gje grobotn til mange samtalar om mat og matvanar med borna. Dette er kunnskap både ungar og vaksne vil ha glede av. Ja, kanskje er det overraskande fakta i boka også for dei vaksne som les høgt for borna? Boka kunne vore illustrert på ein litt meir spanande måte, og framsida kan kanskje framstå som litt rotete. Men her er det innhaldet, den gode historia og alle dei overraskande faktapunkta som er drivkrafta. å få kundar til ein liten gardsbutikk er ikkje alltid like enkelt. Vil Klara klare å få kundane til å besøkje bestemor og bestefar sin butikk? Monster i mørket og Monsterpest Av: Kalle Guettler, Rakel Helmsdal og Aslaug Jonsdottir Skald 2012 I denne serien finn me også bøkene Nei! sa Veslemonster og Store monster græt ikkje. Her møter vi Veslemonster og Storemonster, som blir sjuke av monsterpesten og fryktar at skumle tjuvar skal bryte seg inn hjå dei. Heile tida er det vennskapet som reddar dei. Det er vennskapet som gjer at Veslemonster kjem med blomar, frukt og kaldt vatn når Storemonster er sjuk, og når skumle tjuvar går rundt dørene, er det godt å ha Storemonster på besøk. Serien skapar eit bilete av ufarlege og sjarmerande monster, monster som sjølve er redde for skumle skuggar på utsida av vindauga, og som blir glade for sjukebesøk når dei blir ramma av monsterpesten. Det viser oss at alt som høyrest farleg ut, ikkje nødvendigvis er det. Teikningane er akkurat passe mørke og skremmande, men alltid med ein fargerik vri. Blant anna fører monsterpesten med seg eit utslett med rosa prikkar. Dei små lesarane vil fort kjenne seg att i korleis det er å vere sjuk og ikkje minst mørkeredd. Og raskt vil dei bli glade i monstera med alle sine redslar og kvardagslege utfordringar. Bruk skallen! sa pappa åberg Av: Gunilla Bergstrom Cappelen Damm 2012 Alle kjenner historiene om Albert åberg og pappaen, så langt er 30 bøker om Albert gjevne ut i Noreg. Bruk skallen! sa pappa åberg er den siste som er gjeven ut, og ho kom ut samstundes både i Noreg og i Sverige. Albert og Milla lagar sin eigen versjon av Star Wars  i riddartida. Dei byggjer ein heil landsby med skattekiste og våpenlager berre for å imponere dei store søskenbarna som kjem på besøk. Men søskenbarna Bing og Benny blir ikkje så imponerte. Dei har fått seg leiketøy som store barn har, både mobiltelefon og robotbil. Når robotbilen øydelegg landsbyen til Albert og Milla, er slåstkampen i gang, og pappa åberg må gripe inn. Albert og Milla synest det er urettferdig at pappa åberg kjeftar på dei og vil straffe dei  det var jo ikkje dei som starta det heile. Men kva skjer eigentleg? Får dei straff? Eller lurer pappa åberg Bing og Benny? Bøkene om Albert åberg er alltid stappfulle av moral, også denne. Det er ikkje lov å slå barn, og det er viktig å bruke skallen, å tenkje seg om når ein skal prøve å gjere noko rettferdig. Slike moralske tema kan fort bli for påtatte i ein tekst og kan verke mot sin hensikt dersom ein ikkje klarer å flette desse spørsmåla inn i handlinga. Elles blir dei berre liggande på utsida. Men boka om Albert åberg skuffar ikkje, kanskje aller mest fordi me forventar ein moralsk ende på boka. Teikningane er kanskje litt trauste, men signaliserer også at det er ei koseleg historie. Albert åberg har dessutan særtrekka sine i behald, slik at mange vil kjenne han att. Framsida, derimot, kunne ein gjort betrakteleg meir ut av. Boka passar best for dei frå 6 år og oppover. Prins Storm Av Ingunn Røyset Illustrert av Annlaug Auestad Skald 2012 Dette er ei fargerik biletbok der me møter vesle Storm, ein gut som føler at han ikkje blir teken heilt på alvor. Veslesøstera meiner han ser ut til å vere frå ein annan planet, bestefaren at han bør klyppe seg, og tanta at han er for vill. Berre fordi håret hans står til alle kantar, og at han har litt mykje energi. Storm sjølv er derimot overbevist om at han er ein ekte prins  og ein marsbuar. Marsbuarar har nemleg antenner på hovudet, og ein modig musketer kan ikkje sitje og greie håret, han må i staden balansere på sofaryggen og svinge sabelen. Boka har store og rause illustrasjonar, i varme fargar. Illustrasjonane klarer godt å fortelje historia om Storm sin kamp for å få vere seg sjølv og høyre til i familien. Og når det stormar som verst og alle meinernokoomhan athanmå til frisøren, at han må klare å sitje stille, og at han ser ut som eit bustetroll  , ja då er det det beste av alt at ein kan krype opp i mor sitt fang og få trøyst. Målgruppa for boka er born ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇAV: JUDITH SØRHUS LITLEHAMAR Bokmeldingar fbaargang2012 fbseksjonKIR