¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇi alderen 3 6 år. Dei fleste vil nok kjenne seg att i situasjonen der ein ikkje alltid passar like godt inn. Rosas buss Fabrizio Silei Illustrert av Maurizio A.C Quarello Frå italiensk ved Guri Vesaas Samlaget 2012 Rosas buss er ei fantastisk og varm historie om rasisme, hat og mot til å kjempe for rettane sine, men og ei historie om redsel og svik. Ikkje minst er dette ei bok som det er viktig å ta seg med inn i framtida. For å løyse utfordringane som kjem, er det viktig å kjenne fortida. Me møter Ben og beste- far, som er på veg til Henry Ford-museet. På vegen fortel bestefar historia om den farga kvinna Rosa, som i 1955 nekta å reise seg for dei kvite på bussen. Bestefar var sjølv på bussen og såg korleis Rosa slåst for rettane sine. Raselovane kravde nemleg at dei farga skulle reise seg på bussen for dei kvite. Dei farga fekk heller ikkje kome inn på dei same kafeane, og dei fekk ikkje same lønna som dei kvite. Rasisme og hat er vanskelege tema, men denne varme historia kan opne mange dører, både for dei yngste og dei litt eldre lesarane. Teikningane er detaljrike og litt mytiske. Dei ber preg av å vere bilete frå ei anna tid og tek lesaren med seg til eit litt ukjent terreng. Dette er ei av dei historiene som ein bør høyre og ikkje minst fortelje. For barna er det viktig å få eit bilete på korleis ein bør stå opp for rettane sine, og kva som kan skje når me er redde for det ukjente. Det er alltid ein buss som passerer gjennom livet til kvar og ein av oss. Du må halde auga opne og ikkje miste din, seier bestefaren i boka. Boka høver best for dei mellom 6 og 9 år. På nattevakt Av : Tone Nørvåg Samlaget 2012 Dette er den andre boka om politihunden Falk og politidama Hanne. Bøkene er lettleste, og dei spanande historiene fenger. I denne boka skal Falk og Hanne på nattevakt, noko som skal vise seg å bli ei særs spanande natt. For det første held dei på å køyre ned Simon, sonen til dokter Bakken, som syklar på vegen utan lys, og når oldemor til Simon trur ho er vitne til eit innbrot i butikken Juvelen, blir det verkeleg spanande. Det er godt driv over historia og fleire spenningstoppar å gle seg til. Samstundes er teksten skriven i ei så enkel og lett språkdrakt at historia er lett å fylgje med i og lese for dei fleste. Boka passar best for jenter og gutar mellom 8 og 10 år, men kan nok fint lesast høgt for dei som er mindre, og. Omslaget kunne gjerne vore meir spanande enn det er, kanskje blir uttrykket litt for enkelt til å fange målgruppa. Teikningane inni er og tradisjonelle, men byggjer godt oppunder forteljinga. Boka gjev eit godt bilete av ekte politiarbeid, og det er lett å sjå at forfattaren arbeider som politi på Sunnmøre og kjenner stoffet godt. Spesielt kjekt er det at politiet sitt fonetiske alfabet står på innsida av omslaget. Det er ikkje sikkert alle dei vaksne lesarane heller kjenner til det. Ærefrykt for barneboksjangeren Inger Bråtveit gjev no ut barneboka Kven er snillast av far og mor? på Flamme forlag, noko som blir forlaget si fyrste barnebok. AV: JUDITH SØRHUS LITLEHAMAR Her møter me Knut, som er på sjukehuset, men som aller mest tenkjer på far og mor: Kven er eigentleg snillast av far og mor?  Eg har alltid hatt ein draum om å skriva ei barnebok, men har hatt noko som kanskje har likna på ei frykt for sjangeren, i alle fall ei ærefrykt. Etter kvart har frykta måtta vike for bodskapen som eg ikkje lenger kunne og ville brenne inne med, seier Bråtveit, som tidlegare har gjeve ut to romanar og ei diktsamling for vaksne. Ho har tidlegare fått Nynorsk litteraturpris og Kritikarprisen. Historia om Knut triggar lesaren til å stille same spørsmålet: Kven er snillast av far og mor? Spørsmålet er både umogleg og utidig, men når me fyrst har stilt oss dette spørsmålet høgt eller inni oss, opnar spørsmålet opp for eit ras av andre spørsmål. Og kanskje eit ras av erkjenningar også, undrar Inger Bråtveit. Litterært, skranglete univers Boka er skriven for born frå fem år og oppover, men forfattaren meiner ho også passar for vaksne som ennå minnest korleis det er å vere barn, eller som har barn rundt seg.  Korleis er det å skrive for born kontra for vaksne?  Eg kjenner at eg må vere meir direkte og konkret når eg skriv for barn. At historia må vere tydeleg, men med ein bodskap som både er tydeleg og tvitydig. Eg har brukt mykje tid på å byggje opp eit litterært, skranglete univers, der kriteria for logikk, fornuft og form bryt med mange av kriteria som elles finst i den litterære verda, seier Bråtveit, som legg til at det likevel kanskje ikkje er så veldig annleis å skrive for barn enn å skrive for vaksne. Kritiske lesarar  Det viktigaste er uansett å ta lesaren og det litterære universet, anten ho er barn eller vaksen, på alvor, slår ho fast.  Korleis er borna som lesarar, trur du?  Kritiske, og dei vil ha konkrete svar på spørsmålet som boka stiller: Kven ER snillast av mor og far, då? Då kan det vere godt å ha mor og far i nærleiken, som kanskje kan snakke saman med barnet og opne opp for ein vidare horisont. Men då må den eine klappe att DS-en og den andre setje PC-en i kvilemodus. Inger Bråtveit legg ikkje skjul på at ho også arbeider med andre prosjekt.  Det gjer eg, og eg har stor tru på eit litterært vekselbruk innanfor ulike sjangrar. Denne saka har og stått på trykk i LNK-avisa nr 5 2012 ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ© Astrid E. Hjelmeland fbaargang2012 fbseksjonKIR