¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇmeir om prosessorientert arbeid med kunst i høve born. No har desse fire ansvaret for kunstarbeidet på begge avdelingane. Jøsevold meiner vidare at det er viktig å ha god kunnskap om ulike teknikkar og materiale for at ein skal vere i stand til å rettleie borna i læringa deira. I 2004 bygde barnehagen i tillegg eit eige atelier. Eit eige rom med mange og store vindauge og god belysning som er i drift kvar dag året rundt. Her har me bygd opp eit system med mange ulike materiale, slik at ein veit kva ein har, og kva ein kan bruke til dei ulike uttrykka. Det er viktig at materiale og utstyr er av god kvalitet, elles får ikkje borna det resultatet dei vil ha. Dei veit godt kva måling som kan brukast kor, og kva tusj dei må bruke for å få den streken dei vil. Utviklar fantasien Målet med kunstarbeidet er å gje borna mange og varierte sanseinntrykk, slik at dei skal kunne bruke kunsten som ein reiskap til å arbeide med impulsar og inntrykk. Det er naturlegvis også eit mål å få borna til å eksperimentere og gje uttrykk for eigen fantasi, draumar og førestillingar. Via kunsten lærer borna mykje om samarbeid og demokratiske prinsipp. Mange av bileta er store arbeid på 2x2 meter, og borna har full kontroll over prosessen frå byrjinga til slutt, kva innhaldet skal vere, og kva fargar dei vil bruke, seier Jøsevold. Ho meiner arbeidet er viktig for å utvikle fantasi, kreativitet og skaparglede. Og ikkje minst er det ei øving i konsentrasjon og koordinasjon mellom auge og hand. Me ser også at born som i utgangspunktet er usikre, utviklar seg gjennom å oppleve meistring. Dei får utvikle eit språkª som dei kan uttrykke seg gjennom, og for mange opnar det seg då ei ny verd, samstundes som det gjev dei ein heilt ny status i gruppa. I 2010 vann barnehagen den nasjonale barnehageprisen for kunst og kultur. Dette tiltaket er knytt opp til Kunnskapsdepartementet sin strategiplan for kunst og kultur i opplæringa. Prisen vart gjeven for prosjektet Sirkus Bananasª. ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇAnnlaug Auestad Alder: 47 Bur: Både i Bjørheimsbygd og på Randaberg Arbeider med: Illustrasjon, litt grafisk design og bildekunst. Har gjeve ut bøkene Neppe, Kuvenninnene og L. And. I tillegg har ho illustrert fleire bøker. I den siste boka møter me L. And, som skriv i dagboka si om vasskrekken sin. BOKPRAT ¸ˇ¸ˇ¸ˇSPELER På LAG MED TEKSTEN ¸ˇAnnlaug Auestad trur borna likar sprø ting. I den siste boka hennar skriv L. And dagbok om vasskrekken sin. Av Judith Sørhus Litlehamar  Kvifor barnebokillustratør?  Det var noko eg drøymde om ganske tidleg i livet. Eg har alltid drive med teikning og har utdanninga mi frå kunsthøgskulen i Bergen.  Kvifor barnebøker?  Det vart mest naturleg med barnebøker. Born er eit perfekt publikum, med fantasien og kreativiteten intakt. I boka Neppe skreiv og illustrerte du  korleis er det å skape heile historia?  Det var gøy å lage både bilda og teksten. Eg har jo ikkje skrive noko før den boka, så det var freistande å prøve begge deler. Kuvenninnene vart populær. Kvifor slo ho så godt an, trur du?  Kuvenninnene er ei litt annleis bok. Teksten er på kuspråket, så ein må raute med for å komme gjennom boka. Eg trur at born likar sånne litt sprø ting. Kva er viktig å tenkje på når du illustrerer bøker for barn?  Det er viktig å prøve å spele på lag med teksten utan at han blir gjenteken. Bilda har eit anna språk. Ein kan leggje til og trekkje frå, slik at teksten og bilda utfyller kvarandre. Det er noko eg har i bakhovudet når eg jobbar med ei bok. Kva blir du inspirert av?  Alt mogleg, eigentleg. Det kan vere pussige ting eg ser eller høyrer, og så er det jo ein fordel å bli inspirert av teksten og korleis han skal angripast. Korleis skaper ein eit godt samspel mellom illustrasjonar og tekst?  Dersom bilda supplerer og utvidar teksten  og motsett  , så trur eg det er bra. Det kan og vere positivt dersom forfattar og illustratør har ein dialog om tekst og bilde. Då kan ein plukke frå og leggje til, slik at heilskapen blir best mogleg. Korleis veit ein om boka fenger målgruppa? Hmm ... Dersom ein likar boka sjølv, så er sjansane der for at andre og likar ho, men elles så er det eit sjansespel å gje ut bøker. Kva er draumeprosjektet/boka? Det må vere neste prosjekt! Følg med, følg med ... ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇPOM OG PIM Av Lena og Olof Landstrom Samlaget 2013 Forfattarane bak bøkene om Bø og Bæ og Benny har skapt dei nye vennene Pom og Pim. Dette er gode kvardagshistorier om flaks og uflaks, om korleis noko som i utgangspunktet ikkje er så bra, kan snu og bli positivt og fint. Boka kom på svensk i 2012 og er allereie omsett til fleire språk. Teikningane er store og ber heile historia. Fargane er duse og gjev oss ei kjensle av noko som er jordnært og litt forsiktig. Problema Pom og Pim støyter på, er kanskje ikkje så store, men dei er verkelege og viktige nok akkurat her og nå. Det er flaks når ein finn pengar til å kjøpe is for, men uflaks når ein et isen så fort at ein får vondt i magen. Forteljinga syner borna at ein ikkje treng å gje opp om verda går i mot. Som regel vil det løyse seg. Boka passar truleg best for borna mellom to og fem år. Judith Sørhus Litlehamar ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇAV: JUDITH SØRHUS LITLEHAMAR BOKMELDING fbaargang2013 fbseksjonKIR