¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇha papir, fargar og saks i handa. Men viss ein elskar å kunne gjere om eller legge glatte flatar, så må ein velje datamaskinen. Eg trur saktens ein kan sjå skilnad på bildebokillustrasjonar i dei nordiske landa. Eg er svært begeistra for den flotte variasjonen av illustrasjonar og det høge kunstnariske nivået de har i Noreg. Norske illustrasjonar er meir gjennomarbeidde enn til dømes danske illustrasjonar, som har denne litt uhøgtidlege, skisseaktige teikninga  og kor dei også har ein del gutteaktig karrikaturteikining. Sverige held framleis mest på den lyse og lette tonen, kanskje noko blidare og enklare enn dei andre, men med fin humor og fargesans. Finland har også ein god del underfundig humor  og absolutt ein mørkare fargepalett. Kanskje er det fargane som skil landa? Men både på Færøyane og Island har ein måtta reise ut for å få seg utdanning, og derfor er det kanskje vanskelegare å finne den islandske illustratørstilen.  Har barnelitteraturen høg status på Island? Eg skulle ønske eg kunne seie ja, men eg må dessverre svare nei. Ein kan også spørje seg om barn har høg status på Island. Eg høyrer stadig at vi skal skrive bøker som barn gidd å lese, slik at vi kan trene opp det ein kallar framtidslesarane. Altså er det vaksenlitteraturen som er målet, ikkje dei heilt fantastiske bøkene ein kan lese heile livet: bøker som også er for barn, for ikkje å snakke om bøker med bildekunst. Illustrasjonar skal ein ikkje bruke når barna kan lese sjølve. Det blir sagt at det kan frårøve dei fantasien. Eg, som sjølv blir svært inspirert av det visuelle, har vanskeleg for å forstå eit slikt synspunkt. Men eg forstår at ein dårleg illustrasjon kan ha like så negativ påverknad som ein dårleg tekst. Derfor må ein til dømes støtte illustratørar og forfattarar som skriv for barn i eit lite språksamfunn som Island, kor royalties sjeldan er nok til å dekkje ei riktig løn. Og i denne samanhengen er illustratørar på botnen. Eg har vore heldig som multikunstnar, men vi er altfor få. Det manglar også heilt klart meir grunngjeven kritikk. Ein treng fleire utdanna kritikarar, meir diskusjon og dekning for dei vaksne som formidlar bøkene. I eit program om litteratur i islandsk fjernsyn er barnelitteraturen ikkje med. Forklaringa er at det er så lite tid i fjernsynet. Og som alltid er det tida til barnekulturen som blir spart vekk. Vi har derfor ikkje ein stor eller sterk stall med barnebokforfattarar. Det er nokre få som overlever og held stand, men bøkene deira druknar ofte i ein flod av dårleg omsette og billigfabrikkerte bøker, ofte maltrakterte, skrikande kulørte eventyr av brørne Grimm eller H.C. Andersen. Publikum som aldri høyrer snakk om god og dårleg barnelitteratur, kan jo ikkje sjå skilnaden. Innafor omgrepet kvalitet er det rom for mykje, også gamle eventyr. Om bøker av dårleg kvalitet forsvinn, gjer det ikkje noko for den totale floraen av bøker. Alle moglege bøker skal vere der, men dei må vere av god kvalitet.  Kva jobbar du med no? Eg sjonglerer med litt for mange idear for tida og har litt vanskeleg for å velje eit bestemt prosjekt. Eg har stoff til bildebøker, teater, bildekunst og bokkunst. Dessutan har vi i monsterbanden tre nye monstermanus i kverna.  Kva inspirerer deg? Alt! Dyret i mennesket, mennesket i dyret; naturen, havet og himmelen. Eg ser ei stemning eller eit bilde eg vil lage, eg høyrer klangen av ord eg vil skrive. Eg prøver gjerne å skildre og fange kjenslene, sinnet sine opplevingar  som i høg grad er undervurderte samanlikna med fornufta. Slik kan kjenslemessige reaksjonar berre bortforklarast som noko gjennomtenkt og rasjonelt. Men eg undrar, når ein enno ser nasjonar på randen av krig på grunn av nokre menn si såra stoltheit: Burde ein ikkje snakke litt om kjensler i staden for å kome med alle dei langstrekte forklaringane? Eg trur heile verda ville bli meir fredsam viss folk las ei god barnebok før dei gjekk og la seg ...  Kva likar du best, å illustrere eller å skrive? Eg likar verkeleg begge deler. Eg synes det er ein helt vedunderleg kunst å leggje tankar i ord slik at det lyder godt og smakar godt på tunga. Men viss eg skulle velje mellom å aldri kunne skrive eit ord eller aldri m eg nok velje å behalde illustrasjonen. kunne skrive it ord eller aldri mle for meir fredsam viss fiolk las ei god barnebok før åle og teikne eit bilde, så ville eg nok velje å behalde illustrasjonen. Eit bilde kan jo seie meir enn mange ord! Eg ville framleis kunne fortelje, skildre og lage poesi i bilda. I tillegg har det noko med den lukkelege samankoplinga av hand og hjerne å gjere. Det er veldig tilfredsstillande å skape noko med hendene. Du treng ikkje dyre hjelpemid- del, du kan teikne med kaffi, risse i brødsmular eller doggen på spege- len. Du treng berre hendene dine og litt fantasi. ¸ˇBla i boka Monster i mørket http://skald.no/utgjevingar/monster_i_morket.html ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇDETTE ER IKKE MIN HATT Jon Klassen Manschou 2013 Dette er ei humoristisk biletbok frå forfattaren som også gav ut boka Jeg vil ha tilbake hatten min I Dette er ikke min hatt møter me ein liten fisk som stel hatten frå ein stor fisk som hadde sovna. Hatten passa jo mykje betre til den vesle fisken, og han blir jo sjølvsagt ikkje tatt. Innan den store fisken har vakna har så klart den vesle gøymt seg godt. Denne planenen må jo gå godt, eller? Boka er noko dyster i fargevalet og og kanskje litt monotom  med heile fire, nesten heilt like, store illustrasjonar av den store fisken på rad. Rett nok endrar fisken ansiktsuttrykk undervegs, men det er likevel lenge til det skjer noko fysisk, og ein får ny aktivitiet i historia. Likevel kan dette vere med på å gjere historia lett å fylgje med i, også for dei minste. Lesaren vil uansett fylgje den vesle fisken med eit humorfylt blikk. Vil den nå inn i dei høge plantene for å gøyme seg? Rekk han det? Og høyrer ikkje eigentleg hatten til den store fisken? Og han veit jo at det ikkje er rett å stele, kvifor gjer han det likevel? Her er mange universielle spørsmål som borna kjenner frå eigen kvardag. Historia er god og markert, sjølv dei minste lesarane vil kunne fylgje i den. Og alle vil vel vere spente på kven som til slutt har hatten på hovudet? 2013 Judith Sørhus Litlehamar ¸ˇ¸ˇBOKMELDING fbaargang2013 fbseksjonKIR