¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇGLEDE: Evna til å leve dette livet treng ikkje bli mindre om du får ein diagnose. Bente Fiksdal og Marit Angen koser seg på stranda i lag med Kaare og Trygve. Gode tilbod for yngre med demens Når dei skriv eit dikt i lag med andre, eller måler sitt fyrste bilete på mange år, kjenner dei at dei framleis duger. Det viktigaste dei tilsette kan gjere, er å styrke sjølvkjensla til dei som tidleg vert råka av demens. Tekst: KARIN E. SVENDSEN Foto: PER-TORMOD NILSEN  Desse jentene ser det dei skal sjå. Mannen som sit på setet bak meg i bussen, kakkar meg på skuldra og gjentar at dei som arbeider på Råkhaugen, har blikk for å sjå korleis folk har det. Trygve nyttar kvart eit høve til å snakke godt om dei tilsette ved Råkhaugen dagsenter i Molde. Den tidlegare matematikklæraren vart tidleg råka av demens. Han tykte det var rart at forståinga av matematikken forsvann. Men han kjenner endå sterkare at diagnosen gjekk ut over sjølvkjensla.  Men her har vi det godt. Desse jentene ser med ein gong om nokon ikkje har det bra, fortel han. Form viktigare enn alder Råkhaugen dagsenter er eit tilbod for personar med demens. Yngre personar med demens har eigne dagar på dagsenteret. Men for å fylle opp plassane har også eldre som framleis bur heime, fått plass. Det er ikkje fordi det ikkje er så mange yngre med ei demensliding i Molde. Men for mange tek det tid å få ein diagnose. Det kan også vere ein bøyg å definere seg sjølv som brukar med demens.  Difor hadde vi berre nokre få brukarar den fyrste perioden, fortel Marit Angen, hjelpepleiar og dagleg leiar på Råkhaugen. Ho og kollegaene meiner alder er mindre viktig enn fysisk form. Difor har dagsenteret no brukarar frå 42 til 88 år. Felles for dei er at dei er fysisk spreke og har glede av ymse aktivitetar og av å møtast. Gjev sjølvtillit  Den viktigaste oppgåva vår er å gjere det til ei god oppleving å vere på dagsenteret, meiner Marit Angen.  Dei som vert ramma av demens, får gjerne låg sjølvkjensle. Difor må nokon gje dei høve til å meistre, seier ho. Og den oppgåva tek ho og medarbeidarane hennar på seg  seks dagar og to kveldar kvar veke. Dagsenteret har eigen buss, og fleire av dei tilsette har løyve til å kjøre Blåbussen. I dag er det Elisabeth Gravdehaug som køyrer, medan Anne Karin Gjendem er guide. Gjennom mikrofonen presenterer ho både fakta, folkesnakk og folketru om stader, bygg og naturfenomen på vegen ut mot Hustadvika. Bussturen gjev høve til å sjå og høyre, minnes og snakke om det vi passerer  og ikkje minst le av guidens mange vittige kommentarar til det vi ser langs vegen. Den viktige frukosten Dagen på Råkhaugen byrjar alltid med ein lang frukost. Men før dei kjem så langt, er alle brukarane henta heime. Og med lange avstandar kan det for ein og annan verte ein lang tur. Sjåføren køyrer ut for å hente folk klokka åtte, og fyrst i titida er alle framme. Om morgonturen er lang, skal han helst ikkje vere langdryg. Også den turen skal vere ei god oppleving med historier og andre kommentarar til utsikten frå bussetet. > 36 > Fagbladet 9/2013 ¸ˇ fbaargang2013 fbseksjonHEL