¸ˇMålgruppa for Råkhaugen er personar med demens som framleis bur heime. Dagsenteret vart opna i 2008 og har i dag 23 brukarar. Dei har vedtak på mellom ein og seks dagar i veka. Senteret er ope frå måndag til laurdag samt to kveldar i veka. Råkhaugen har to filialar med ein ambulerande sjukepleiar. Her er til saman seks brukarar. Ein kveld i månaden inviterer Råkhaugen til skule for pårørande. I samtalegrupper og plenum får dei tips om kva brukarane treng. Dei er åtte tilsette i seks årsverk på dagsenteret. Her arbeider sjukepleiar, hjelpepleiar, omsorgsarbeidar, aktivitør, vernepleiar og bustadassistent. Alle har vidareutdanning i demensomsorg. Nokre har sertifikat for å køyre buss. Dei har også tatt kurset Demensomsorgens ABC. Råkhaugen samarbeidar med Fagforbundet om fagleg utvikling. Medan leiar på Råkhaugen organiserer, betaler og forbundet to fagdagar i året. Dei er opne for alle som arbeider i demensomsorgen i kommunen. Rebecca-losjen støtter aktivitetar på Råkhaugen. Dagsenteret har også fått frie midlar frå Helsedirektoratet til aktivitetar. ¸ˇRåkhaugen dagsenter ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇFagbladet 9/2013 > 37 fbaargang2013 fbseksjonHEL