¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇMiljøterapi på Råkhaugen Alle brukarane er med i koret Kor Kjekt. Dei øver kvar veke og får stadig invitasjon til å underhalde på ymse arrangement i byen. Råkhaugen har sitt eige hefte med viser som dei ofte nyttar når dei er på tur eller heime på dagsenteret. Sidan opninga i 2008 har to tilsette og fire fem brukarar møttes i ei poesigruppe. Medan ein noterer, samtalar den andre og brukarane. Slik har dei skapt mange dikt. Ein av dei tilsette er kunstnar, og han rettleidde dei andre før dei danna ei målargruppe. Fem av brukarane er med i gruppa som målar ein dag i veka. Kvar dag et dei i lag, og ein dag i veka drar dei på tur med eigen buss. ¸ˇ¸ˇ> Dei tilsette på Råkhaugen er samde om at livet ikkje er slutt om nokon får ein demensdiagnose. Difor er brukarane på Råkhaugen ute på tur eller opptekne med ymse aktivitetar innandørs mest kvar dag heile året. Men av alle aktivitetane er frukosten den viktigaste. Brukarane kjem inn til fire fem dekka bord med stearinlys og bordkort i stein. Aktivitøren har også sett fram brødskiver og pålegg på alle borda. Kvar og ein finn sin plass. Dei tilsette et i lag med brukarane og får med seg korleis det står til både med mathugen og humøret til kvar og ein. Fort forfall Dei som arbeider på Råkhaugen, treng inga forsking som fortel at dei gjer ein verdfull jobb. Dagsenteret er stengd på alle raude dagar og dermed heile påska. Dei fortel at det var som å byrje på nytt igjen etter at brukarane hadde vore heime i påska.  Nokre av dei bur åleine, og hadde ikkje vore saman med andre på over ei veke. Dei var utrygge og passive då vi møttest igjen. Det var trist å sjå, tykkjer Marit Angen. Men snart var dei tilbake i rutinane, og humøret og forma vende også tilbake.  Vi ser tydeleg at tilbodet held dei oppe. Og vi er heilt sikre på at vi forlenger den tida dei kan bu heime. Lever livet Marit Angen er klar på at eit menneske som har fått ei demensliding, ikkje skal sitje på eit rom for seg sjølv.  Dei skal framleis vere ute der livet vert levd. Det er så mykje dei framleis kan vere med på, kjenne glede ved å gjere  og ikkje minst oppleve at dei lukkast. Difor er brukarane ute på busstur, dei reiser på bowling og kafe. Eller dei er på dagsenteret og speler bingo, syng, skriv dikt eller måler bilete. Leiaren på Råkhaugen har inga røynsle med at brukarane vil sitje passive åleine framfor å vere med på tur eller aktivitet.  Det handlar om korleis vi legg det fram. Viss vi viser entusiasme og glede og seier at no drar vi på tur, såerdeimedpådet.Hererdeimedpåalt.Tilogmed å synge for 200 tilhøyrarar som vi skal gjere i morgon, seier ho. Og frå setet bak oss, supplerer Trygve.  Eg gler meg til i morgon. Det skal bli ein suksess. SMAKER GODT: Etter tur både i buss og på beina og mykje frisk luft er appetitten skjerpa. Torleif Håndlykken serverer og håper det er botn i karane. ¸ˇALLE SKAL HA EIT TILBOD Demensplan 2015 gjev alle med ein demensdiagnose rett til eit aktivitetstilbod som passar for dei. Dagleg leiar ved Råkhaugen råder andre til å byrje i det små, lage ein handlingsplan og skreddarsy tilbod til yngre personar med demens. Alle kan søkje om støtte frå Helsedirektoratet. Dei rår over 350 millionar kroner som skal nyttast til å sette i gang nye tiltak for personar med demens. 38 > Fagbladet 9/2013 fbaargang2013 fbseksjonHEL