¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇEI EKTE FANTASIVERD Føremålet med utstillinga Kvitebjørnen er å skape ei interaktiv utstilling for barn ut frå Rasmus Løland si forteljing Kvitebjørnen. Dette var eit prosjekt som blei sett i gang i samband med Rasmus Løland-markeringa frå 2007 til 2011. Utstillinga er inspirert av arbeidsmåten til Fyrtøyet, som er barneavdelinga i H.C. Andersens hus i Odense, og har som mål å formidle god litteratur til barn samstundes som barna sjølve vert inviterte til å delta i den skapande forteljarprosessen. Målgruppa til utstillinga er born frå 3 til 10 år. Utstillinga skal invitere til interaktivitet og stimulere mange sansar. Barna skal lære gjennom leiken, og me håper dei tek med seg denne leikande læremåten tilbake til barnehagen, seier Moe og Opheim. Gjer historia levande Vi som har hatt opplegget, har vore på forteljarkurs med Anne Elisebeth Skogen og gjer oss derfor nytte av forteljarteknikkar som skal gjere historia meir levande for barna. Her er nøkkelen at ein ikkje må gjere for mykje ut av det; ei enkel handrørsle som illustrerer snø, eller eit blikk opp mot ein tenkt måne er meir verknadsfullt enn å bruke veldige handrørsler for å illustrere det same. Det må verke ekte og ikkje tilgjort. Når det gjeld barnehagebarn, kan det vere krevjande å halde på merksemda, seier dei to, som jobbar som formidlarar ved museet. Særleg meiner dei dette er tilfelle sidan barna er til stades i ei utstilling med kostymer, ein tunell ein kan gå i gjennom, eit tårn ein kan klatre i, kongler å leike med, teikneark og ein flott spegelsal. Ein måte å samle merksemda til barna på er å få dei til å sette seg inni Kvitebjørnen, som er ein uthola isbjørn med benker i. Etter dei har sett seg til rette, kjem formidlaren inn med eit lite lys i handa for å skape ei spesiell Anette Opheim og Kjersti Moe ved Ryfylkemuseet i Ryfylke. Ei krone kan vere alt som skal til for at barnet er heilt inne i si eiga fantasiverd. ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇstemning, fortel Moe og Opheim. På den måten håper me at dei fortset forteljinga på eiga hand ved å leike at dei er karakterane i forteljinga. Me håper at kombinasjonen av forteljarstund og ei interaktiv utstilling av det som nettopp har blitt fortalt, kan stimulere til ei djupare forståing enn det ein kan oppnå gjennom ei forteljarstund åleine. Fleksibel formidling Mange besøkjer også utstillinga utan å høyre forteljinga i det heile. Formidlarane er sikre på at eventyrsjangeren med troll og prinsesser er noko barna er så kjende med frå før, at dei fint kan lage eigne historier. Dei meiner det er lurt å ta føre seg noko som barna kjenner frå før, og som dei kan byggje ny kunnskap på. Noko som og bør nemnast, er at ein i arbeidet med barn aldri veit korleis det blir. Dei kan bruke utstillinga på heilt andre måtar enn me hadde tenkt, og har ikkje dei same grensene som vaksne folk, som er styrde av dei reglane som samfunnet har kasta på oss. Barna tør å sleppe seg lause. Sjølv om dette er veldig kjekt for oss formidlarar å sjå, kan det også vere ei utfordring når barna ikkje gjer slik me hadde tenkt. Det som kan fungere for ei barnehagegruppe, fungerer kanskje ikkje for ei anna gruppe. Då må me vere fleksible og spontane for å kunne møte dei behova dei ulike gruppene har. Skal utfordre kreativiteten Har de tips til barnehagar som gjerne vil gjere noko liknande? Hugs at barn lærer gjennom leik, og ta dette på alvor slik Rasmus Løland gjorde. Det er viktig å lage opplegg der dei får utforske og tenkje sjølve framfor å bli lærte kva dei skal tenkje. Me må utfordre kreativiteten deira. Som nemnd er det viktig å gjere temaet aktuelt for barna. Viktige spørsmål kan då vere: Korleis kan ein knyte temaet til den barnekulturen dei er ein del av? Kva er barnehagebarna opptekne av? Kva er viktig i deira lokalmiljø? De har laga eit undervisningsopplegg knytt til utstillinga. Korleis kan barnehagane nytte seg av det? Etter at barna har fått høyre Kvitebjørnen-forteljinga av ein formidlar, tek den same formidlaren barna med rundt i utstillinga og stiller dei spørsmål kring forteljing og utstilling for å kople saman dei to elementa. Dette klarer barn godt på eiga hand også, men det er fint å få ein liten dialog med barna før dei går vidare til å leike på eiga hand, slik at me som formidlarar får høyre kva dei har fått med seg av forteljinga. Når det gjeld leiking på eiga hand, hender det at barnehagane bruker lang tid, og dette synest me er veldig kjekt, for det må bety at dei kosar seg veldig med utstillinga. Særleg populært er det å kle seg ut. Dette er eit verkemiddel som lett kan brukast av barnehagar. Det å kle seg ut ser ut til å vere ein av dei mest effektive måtane ein kan sette seg inn i ei anna rolle og eit anna univers på. Kan brukast lokalt For å stimulere til undring og skaparkraft hjå barna har museet laga eit hefte der barnehagane kan hente inspirasjon og idear til aktivitetar og opplegg ein kan nytte. Opplegga byggjer på rammeplanen og dei ulike fagområda ¸ˇ fbaargang2013 fbseksjonKIR