¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇåRETS ARBEIDSGJEVAR:  Gruben fortener ros og pris for innsatsen for å fremje heiltidskultur, meiner Tore Andre Jakobsen. Heiltidskultur lokalt Heiltid er best for brukarar, tilsette og arbeidsgjevarar. Difor er partane i kommunesektoren samde om å utvikle ein heiltidskultur. KS, Fagforbundet, Norsk Sykepleierforbund og Delta underteikna difor avtalen Det store heiltidsvalet i vinter (sjå Fagbladet 6-7/2013). Partane sentralt overlet til kommunane å finne konkrete løysingar.  Her skjer nettopp det, seier Tore Andre Jakobsen, nestleiar i Fagforbundet Nordland. Han roser leiinga på Gruben sykehjem i Rana kommune for at dei vil få til heiltid.  Og når gode tilsette og leiarar går saman, finn dei løysingar. Det ser vi her, seier han. Difor har det regionale kompetansekontoret utpeikt Gruben sykehjem til årets arbeidsgjevar 2012 i Nordland.  Representantar frå 44 kommunar var samde i avgjersla om at Gruben skulle få prisen for arbeidet med å forankre ein heiltidskultur, fortel Jakobsen. ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇDet ville dei. Og det har dei fått: " Det er lettare å vere på jobb. Dei slepp å lære opp nye vikarar like ofte som før. " Dei arbeider alltid saman med folk dei kjenner, og som kjenner avdelinga og pasientane. " Arbeidsmiljøet og trivselen er blitt betre " Nærveret er blitt høgare. Sjukefråveret var 9,5 prosent ved oppstart av prosjektet. I år ligg det førebels på 5,5 prosent. Men Rita Hansen trur det blir lågare, for i august og september var det på 2,5 prosent. " Når dei kjem på jobb, veit dei tilsette kva som har skjedd. Dei treng mindre tid på å oppdatere seg enn før. " Og ikkje minst: Dei tilsette har no ei høgare fast løn. Slik er dei sikra høgare pensjon. Også løn under sjukdom og trygd ved varig skade eller kronisk sjukdom vil vere høgare. Humør smittar Med betre arbeidsmiljø har ikkje berre nærveret til dei tilsette auka. Også kvardagen til pasientane er blitt betre.  Når vi er i godt humør, smittar detover på dei, seier Hildegunn Hammer.  For pasientane er det også godt at vi som arbeider her, er meir på jobb. No er det fleire som kjenner oss att, til og med ved namn, fortel Tone Hasselberg. VERKTØY FOR HEILTID Arbeidsmiljølova gjev frå 1. januar 2014 dei tilsette rett til fast stilling som svarer til det dei faktisk har arbeidd dei siste 12 månadene (arbeidsmiljølova ß14-4a). Arbeidsmiljølova gjev også tilsette som er kvalifiserte, rett til utvida stilling dersom arbeidsgjevar treng meir arbeidskraft. Hovudtariffavtala mellom KS og partane i kommunal sektor definerer heiltidsstillingar som det normale. Avtala krev at prinsippa for bruk av deltid skal drøftast minst ein gong i året. Vidare skal ein på kvar arbeidsplass ha retningsliner for korleis dei skal auke talet på tilsette i heil stilling. 34 > Fagbladet 10/2013 INGA GRUNN TIL å SYTE: Hildegunn Hammer er nøgd med full tid.  Det var verdt å ofre nokre betalte matpausar, meiner ho. Her er ho saman med Margrete Christensen. KVALITET:  Det er eit stort framsteg at pasientane kan dusje når dei har lyst. Dei har fått fleire aktivitetstilbod, og dei tilsette har fått meir tid saman med pasientane, seier Marit Sviggum. fbaargang2013 fbseksjonHEL