¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇOi-oi! Av Bjørn Sortland og Hilde Kramer Mangschou 2013 ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ Avog til... Jose vaknar plutseleg midt på natta av mora som verkeleg har det vondt. Mor hans ber Jose vere med til byen, så skal han få ei stor gåve, det han ynskjer seg aller mest her i livet. Men kva er det? Jose og mora går gjennom gatene medan Jose tenkjer på kva gåva kan vere. Det kan ikkje vere noko dei skal kjøpe på butikken, for han er jo stengt, eller? Kan det vere ein ny drage eller sprayboksar med ulike fargar? Dei går gjennom skumle gater, forbi staden der dei skumle mennene bur, og huset til den galne dama med alle fuglane. Dei går heilt til Jose og mora må setje seg ned på gata og ikkje orkar å gå vidare. Heldigvis får dei hjelp av ei dame som driv kafe . Ho forstår kva som held på å hende, og kjem springande med handklede og varmt vatn. Gåva var nemleg ein liten bror  fødd midt på gata i ein favela i Brasil. Ei gåve som er så stor at ho nesten er blitt skummel. Historia i biletboka er sterk og gripande. Hilde Kramer klarer å skape eit mørkt univers i gatene i Brasil. Ho skildrar alt det som blir skummelt om natta, men som eigentleg ikkje er det. Det er eit naturleg vendepunkt i boka då broren til Jose blir fødd; då blir også teikningane lysare og lettare i forma. Bak i boka får me presentert fakta og ekte bilete frå Brasil, med gode skildringar av korleis dei lever og bur der. Bjørn Sortland brukar eit direkte og enkelt faktaspråk som gjer også denne delen av boka tilgjengeleg for mange av dei yngste lesarane. Visste du til dømes at det bur nesten 40 gonger fleire folk i Brasil enn i Noreg? Eller at ein favela eigentleg er ein slum der det verken er barnehagar, skular eller sjukehus? I boka får me også presentert ein av organisasjonane som hjelper til med å gjere levekåra i favelaen betre. Judith Sørhus Litlehamar ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇLiva 12 år intervjuar illustratør, teikneserieskapar og barnebokforfattar Øystein Runde Kva er det beste og verste med å skrive teikneseriar?  Det beste er at om eg berre lærer meg å teikne godt nok, kan eg vise og skape alt mogleg som eg kan tenkje meg ... og at evna mi til å tenkje meg ting kan trenast opp og verte betre og betre! Det verste er at det berre er meg som sit der, det kan vere litt einsamt. Men difor har eg no lært meg å sleppe inn andre. Både andre folk eg skriv for, folk eg teikner med, og redaktørar som fortel meg kva folk opplever når dei les historiene. Liva seier: Bra svar! Takk! Møt fjellreven Av Nina E. Eide, Terje Borg og Camilla Næss Illustrert av Inger Lise Belsvik Mangschou 2013 Denne boka gir oss verkeleg det ho lovar i tittelen  nemleg eit møte med fjellreven. I den fargerike biletboka møter me fjellreven gjennom eit heilt år, med alle utfordringar, gleder og farar han møter på. Forfattarane vil gjerne at dei unge lesarane skal få kunnskap om fjellreven, som er ein truga art i norsk natur. Boka er gjeven ut i samarbeid med InterReg-prosjektet Felles Fjellrev og Norsk institutt for naturforsking (NINA). I boka får du vite korleis fjellreven lever, både om sommaren og vinteren. Visste du at det er så få fjellrevar i fjellet at du er veldig heldig om du ser ein? Eller at raudreven, som me kjenner betre frå låglandet, no trugar fjellreven sitt område? Me ser korleis dei små kvalpane som kjem til på våren, veks og et seg sterke jennom sommaren, ¸ˇ¸ˇg g f f j ¸ˇ¸ˇ¸ˇør den tøffe vinteren ø ¸ˇk k v v jem. I boka får du også j ¸ˇite at mange men- i ¸ˇn n f ellreven til å overleve. f j j eske no prøver å hjelpe e ¸ˇe ¸ˇOppdal har dei til og O med fått sin eigen fjellm I I ¸ˇ¸ˇr r evfabrikk, der det blir e ¸ˇf ødd små fjellrevkvalpar ø f som seinare blir sette ut i naturen. ¸ˇBoka er todelt. Medan den første delen er ei gripande biletbok med gode og fargerike teikningar av Belsvik, er den andre delen ein faktadel som ein kan bruke som ei oppslagsbok når ein ynskjer svar på gode spørsmål om fjellreven. Visste du forresten at fjellreven grev ned ekstra mat om sommaren som han luktar seg fram til og grev opp igjen om vinteren? Judith Sørhus Litlehamar ¸ˇ¸ˇ¸ˇFagbladet 11/2013 > 41 Bokmeldingar © Astrid Eidhammer Hjelmeland fbaargang2013 fbseksjonKIR