¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇKvifor er kulturformidling for barn viktig? Eg brenn spesielt for høgtlesing for barn, både fordi det gjev vaksne viktig tid saman med barna i ein hektisk kvardag, det gjev i tillegg både ro og refleksjon og underhaldning, men viktigast fordi det kan gje ungane lyst til å prøve å lese sjølve. Og kan dei først lese, så kan dei lære om verda rundt seg, det stimulerer fantasien og dei lærer å uttrykke sine eigne tankar og meiningar. Det er viktig! Roald Kaldestad er barnebokforfattar, musikar og programansvarleg for barnelitteraturfestivalen Falturiltu. Sekken med det rare i ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇMøre og Romsdal fylkesbibliotek får støtte frå Nasjonalbiblioteket til å arbeide med lesestimulering for born. Biblioteket ynskte å gjere noko for dei minste borna og var på leiting etter inspirerande prosjekt. Inger Lise Aarseth ved biblioteket fortel at dei fann inspirasjon i eit liknande opplegg i Tennfjord barnehage.  Me hadde eit besøk i barnehagen og fekk sjå korleis dei brukte ulike figurar saman med bøker i lesestundene. Først var det førskulelæraren som las og fortalde frå ei bok, samstundes som ho brukte figurar som høyrde til i forteljinga. Etterpå var barna med på å fortelje att og spele historia. Me bestemte oss då for å lage boksekkar. I sekkane ligg det ei bok, figurar som høyrer med i forteljinga, og eit skriv om korleis sekken skal brukast. Me har laga boksekkar av tre ulike bøker, og me har planar om å lage fleire. I den første tildelinga av Nasjonalbiblioteket sine utviklingsmidlar for 2014 var det 70 bibliotek som fekk støtte.  Formålet er å utvikle omstillings- dyktige bibliotek og betre biblio- tektenester for alle. Det er Stortinget som bestemmer at Nasjonalbiblioteket skal dele ut utviklingsmidlar, og for 2014 har Nasjonalbiblioteket fått 26,6 millionar kroner til prosjektmidlar, seier avdelingsdirektør i Nasjonalbiblioteket, Svein Arne Tinnesand. Leselyst og leseglede I tillegg til temasekkar for dei minste borna har Fylkesbiblioteket i Møre og Romsdal laga stjernesekkar for dei litt eldre borna. Også her fann biblioteket inspirasjon i eit liknande opplegg, denne gongen i Fron.  Me har laga 10 stjernesekkar, som er tilpassa småskulen. Sekkane inneheld ulike bøker, både fag- og skjønnlitteratur, planetar som kan blåsast opp, stjernekart og spel  alt om universet. Dette var nytt på førre bokbåttur, så me har ikkje fått tilbakemeldingar endå, men lærarane som såg dette om bord, var begeistra, seier Aarseth. Etter kvart kom også tanken om ein kunne gjennomføre dette med fleire tema i småskulen, med utgangspunkt i ulike meistringsnivå og undervisningsopplegg.  Målet er å gje born leselyst og leseglede i småskulen (1. 4. klasse) ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ40 > Fagbladet 2/2014 © Atle Hansen © Stian Wiik fbaargang2014 fbseksjonKIR