¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇved å tilby sekkar som inneheld bøker og konkretiseringsmateriell. Me vil ha fokus på inkludering, både når det gjeld nivå og kulturell bakgrunn. Fylkesbiblioteket skal samarbeide med eit kombinasjonsbibliotek i Skodje om å finne aktuelle tema og utarbeide innhaldet i sekkane. Sekkane skal så prøvast ut i nokre få folkebibliotek i Møre og Romsdal og om bord i bokbåten. Det blir dessutan viktig å utarbeide eit evalueringsskjema for skulane og biblioteka. Bokbåten Epos, som har gått i Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal, er no 50 år og stadig like aktuell i litteraturformidlinga på Vestlandet. Størst utlån per stopp på bokbåten finn ein i Sogn og Fjordane. I tillegg til støtta frå Nasjonalbiblioteket har prosjektet med temasekkar fått støtte frå fylkeskommunen. Målgruppa er born i småskulen, frå 1. til 4. klasse. Aarseth trur støtta prosjektet har fått, fører til at opplegget blir lagt meir merke til, og at det kanskje får overføringsverdi til fleire. Stor interesse Tinnesand fortel om stor interesse for å søkje utviklingsmidlar hjå Nasjonalbiblioteket.  Nasjonalbiblioteket har saman med fylkesbiblioteka arrangert kurs for biblioteka rundt om i landet med tanke på at dei skal kunne utvikle nye prosjekt. Denne hausten var det over 150 søkjarar til midla. årleg blir det peika på ulike innsatsområde for utviklingsarbeidet i biblioteka. I år har det vore; mangfald og inkludering, leseløftet 2010 2014, nye formidlingsmetodar, biblioteket som møteplass, samarbeid og partnarskap og Nasjonalbiblioteket sine digitale tenester som grunnlag for nye tilbod.  I samband med at den nye regjeringa la fram endringar i statsbudsjettet, blei det vedteke at det skulle setjast av 12,1 millionar kroner til å styrke folkebiblioteka som uavhengige møteplassar og arenaer for offentleg samtale og debatt. Desse pengane vil bli lyst ut tidleg i 2014, seier Svein Arne Tinnesand. Kribledagar Bente Bing Kleiva og Per Olav Kaldestad Illustrert av Even Bøthun MARGbok 2013 ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇBli med på ei fargerik og magisk reise. Bente Bing Kleiva og Per Olav Kaldestad skapar eit eige univers av eit slentrande, poetisk og fantasifullt språk. Bjørnar Brumle dinger på døra og seier det er leiketid, medan Nina er blåaugd og glitreaugd og ser på verda under lang lugg. Kven veit kva dei kjem til å oppleve? Historia er fantasirik og utforskande. I teikningane til Even Bøthun kjem borna fram i fotografisk form, noko som gjer både borna og forteljinga ekstra levande. Ein kan lett assosiere historia med liknande forteljingar, der born reiser inn i ei ekte fantasiverd, og der alt kan skje. Teikningane er store, fargerike og levande. Teksten er enkelt plassert på sidene og fungerer godt i samspel med teikningane. Språket er poetisk og musikalsk i forma, til og med havregrauten til frukost får eit eige poetisk særpreg i denne boka. Og tenk at det går an å hoppe paradis mellom vasspyttane! Det poetiske språket er også med borna ut i det store verdsrommet, der månen voggar i stjernesjø og mjølkevegen sender stjerneskot over borna. Det er godt gjort å dyrke eit så lyrisk språk utan å gå i mange klisjefeller. Boka passar best for dei mellom6og9år. Judith Sørhus Litlehamar ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇFagbladet 2/2014 > 41 ¸ˇBokmelding fbaargang2014 fbseksjonKIR