¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇPIT PARION www.pirion.no ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇMeir kunnskap om fleirspråklegheit Sunn fornuftª er ikkje alltid så sunn. Opp gjennom det meste av 1900-talet var det eit rådande syn, også mel- lom språkekspertar, at det var uheldig, og kunne vere skadeleg, om eit barn måtte vekse opp med meir enn eitt språk. Sunn fornuftª tilsa at slik måtte det vere. I dag veit vi betre. Nettstaden Flere språk til flere (site.uit. no/flerespraaktilflere), som gjev råd og informasjon til fleirspråklege familiar, summerer opp kva forskarane veit i dag, slik: Barn som hører forskjellige språk i sine daglige omgivelser har gjerne større forståelse for forskjellige kulturer og andre menneskers synspunkter. De er ofte også bedre enn enspråklige til å gjøre flere ting samtidig ( multitasking ), til å fokusere oppmerksomheten på noe, de lærer ofte å lese tidligere og de er ofte flinkere til å lære nye språk. Kvifor er ikkje dette heilt sjølvsagd kunnskap i ålmenta? Ein av fleire grunnar kan vere at sunn fornuftª tilsa at det å lære seg språk er som å fylle ein behaldar. Hjernen til barnet er behaldaren, og språktileigninga er fylling av behaldaren. Dersom hjernekapasiteten til mennesket hadde vore så liten at han kunne renne over viss vi lærte for mykje språk, måtte vi jo vurdere nøye www.pirion.no kva språkkunnskapar som var mest naudsynte. Det var då og vanleg før å tru at for mykje av det eine språket ville kunne vere til hinder for framvoksteren av det andre. Men forsking har altså vist at dette rett og slett ikkje stemmer. Likevel treng vi framleis meir kunnskap om dei ulike sidene ved fleirspråklegheit. Med finansiering frå Noregs forskingsråd etablerte ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇARNFINN MURUVIK VONEN, DIREKTØR I SPRåKRåDET* Universitetet i Oslo i 2012 eit nytt senter for framifrå forsking, Senter for fleirspråklegheit. Dette senteret skal bidra med kunnskap om muligheter og utfordringer ved flerspråklighet slik at samfunnet effektivt kan forvalte ¸ˇ¸ˇspråklig mangfold og at individer kan få utvidet sitt kommunikative handlingsromª (slik det står på nettsidene deira). Eit spørsmål som fleire forskingsmiljø i Noreg no ser nærmare på, er om språksituasjonen i Noreg, med to nærståande skriftspråk og eit mangfald av dialektar med høg status, inneber fordelar av same typen som dei vi kjenner til frå forskinga om tospråklegheit. Ein rapport frå Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet i Trondheim i 2012 ser ut til å styrkje hypotesen om at tospråklegheit der dei involverte språka er bokmål og nynorsk, har nokre av dei same fordelane knytte til seg som anna tospråklegheit. Eg vil oppfordre alle som blir kontakta av språkforskarar som vil lære meir om fleirspråklegheit, til å ta godt imot dei. Og fram til dei kjem og bankar på: Nyt fleirspråklegheita! *Ein lengre versjon av denne artikkelen har tidlegare stått på trykk i LNK-avisa nr. 4, 2013. facebook/pirion ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇfor deg som jobbar med barn @avisapirion ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇKultur, språk og litteratur Faste spalter: BOKPRAT | MIN BARNEHAGE | LES FOR MEG | AKTUELT På nettsida vår kan du og lesa om Pirionkurs: Korleis kan vaksne bli medvitne brukarar og formidlarar av språk, kultur og identitet? ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇPiRion Tips oss på pirion@norsk-plan.no Me vil gjerne ha tips og innspel om det er noko du syns me bør ta opp, eller om ¸ˇ¸ˇdu har tips om bøker me bør skriva om. Sjå og www.pirion.no PIRION ER STØTTA AV KUNNSKAPSDEPARTEMENTET, FAGFORBUNDET OG LNK PIRION 1 /2014, 15. årgangen  ISSN 1502-3036 Utgivar: Stiftinga Pirion Heimeside: www.pirion.no Ansvarleg redaktør: Astrid Eidhammer 42 > Fagbladet 2/2014 Hjelmeland, mob. 97 19 47 88 E-post: pirion@pirion.no Korrektur: Dag Gjerde Formgjeving: Salikat design ¸ˇ© Gøril Trondsen Booth fbaargang2014 fbseksjonKIR