historier då ho arbeidde i barne hagen. Til og med i dag hender det ho tek kontakt med ein barnehage for å høyre om ho kan få lov til å teste ei ny historie på barna der. Filosofisk reiseI haust inviterte ho og filosof Ingunn Sira Myhre førskulebarn og barne- familiar med på ei filosofisk og eventyrleg reise på jakt etter visdom. På ferda fekk borna høyre mytar og eventyr, dei fekk undre seg, tenkje høgt og snakke om både store og små tema med utgangspunkt i histori- ene. I 2010 sette dei opp prosjektet for førskulebarn på Tou Scene i Stavanger med støtte frå Kultur- byfondet i Stavanger og Tou Scene. Etter den tid har prosjektet blitt sett opp fleire stader i Stavanger, og no i haust var det Sandnes og Randa- berg sin tur. Prosjektet i haust var støtta av Norsk kulturråd, Sandnes kulturhus og Randaberg kommune. Gjennom ei reise til Edderkoppsko- gen, via Solslottet og til Hulen under havet, skal borna bli flinkare til å reflektere og uttrykke seg kreativt i samspel med vaksne og andre barn. I prosjektet er ein innom tema som kjærleik, sanning og løgn, forandring og forvandling. -Er forteljarkunsten på veg bort? -Mykje av den naturlege biten av det er langt på veg det. Når me var på ferie før, hadde me ei forteljing å vise fram då me kom heim, no har me allereie fortalt ho digitalt med bilete og litt tekst. Det er blitt den nye forteljinga. Det som ein derimot ser ein vekst i, er at ein får fleire profesjonelle forteljarar som driv med dette som fag. -Me i Austrått barnehage opplevde filosofi og forteljing- opplegget som ei flott og minnerik oppleving for barn og vaksne. Barna blei møtt med undring og fekk vere med å undre seg sjølve. Vaksne blei i forkant informert om kva filosofi for barn var og korleis me kunne vere delaktige. Omskapinga av romma, stem- ningen, fargane og effektane gjorde dette til ei heilt magisk stund, fortel pedagogisk leiar Elisabeth Selvig. EG OG PONTUS GÅR FOR GULLAv Odd Nordstoga Illustrert av Rune Markhus Gyldendal 2013 Det er store forventningar når vise- songar Odd Nordstoga kjem med si første barne- bok. Ikkje overraskande er heile hand- linga lagt opp som eit dikt med både rim og rytme. Tanken om at ein skal kunne synge seg gjennom den rike historia, er god, men likevel vil lesaren kome over fleire stadar der teksten haltar litt og trongen til å finne naudrim blir litt for stor. Boka har eit godt særpreg, ho er solid i forma og god å bla i. Framsida kan nesten gje oss eit retro-preg, der mannen og kat- ten spring ned ei veldig lang og bratt trapp. Kva har skjedd, tru? Mannen og katten Pondus kjem til kongens by. Her vil dei gjerne spele opp til dans, men det blir det ingenting av. Kongen har bestemt at det ikkje er lov med musikk og song, difor hamnar Pontus og eigaren rett ut porten. Sjølv om teksten somme stadar har eit språk og ein biletbruk som er vel vaksen for dei minste lesarane, vil nok også dei fylgje spent med i handlinga. Dramatik- ken tek seg opp då Pontus og mannen bryt seg inn hjå kongen for å stele. Det resulterer i ei ekte tjuvjakt, og etter kvart byggjer det seg opp eit aldri så lite folkeopprør i byen; det er nemleg fleire som ynskjer seg musikk på torget. Nordstoga skriv om både ytringsfridom og kunst- narleg fridom, og han har laga ei god og engasjerande forteljing. Teikningane til Rune Markhus er gode til å gå i dialog med handlinga. Dei yngste lesarane vil nok kose seg med katten, som heilt klart er han som styrer utviklinga i handlinga, og som kjem med dei gode ideane. Judith Sørhus Litlehamar BokmeldingTIPS TIL BARNEHAGAR: • Skap ei munnleg forteljing med utgangs- punkt i ei skriven historie. • Vel ei kort historie du likar • Les ho eit par-tre gonger • Legg vekk teksten og gjenfortel historia høgt for deg sjølv med dine eigne ord. Fortel ho høgt fleire gonger, heilt til du kan ho godt. • Sjå i historia om du får idear til korleis barna kan vere med på å gjere til dømes rørsler og lydar. At barna får delta på denne konkrete måten, inkluderer dei på ein god måte, meiner eg. • Fortel historia for nokre få barn i ei spontan forteljarstund. Borna sine reaksjonar på historia kan gje gode idear du kan bruke når du skal jobbe vidare med ho. • Når du har øvd deg og testa ut historia, er ho klar for storsamlinga. Her er nokre forslag til korleis du kan skape ro før forteljinga startar: tenn stearinlys, bruk ei meditasjons- klokke som start og slutt for forteljinga, eventyrregle som start og slutt på fortelj- inga, trekk ein eventyrskatt frå forteljinga opp av ei kiste, ein hatt eller koffert. EG OG PONTUS GÅR FOR GULLAv Odd Nordstoga Illustrert av Rune Markhus Gyldendal 2013 Det er store forventningar når vise- songar Odd Nordstoga kjem med si første barne- bok. Ikkje overraskande er heile hand- linga lagt opp som eit dikt med både rim og rytme. Tanken om at ein skal kunne synge seg gjennom den rike historia, er god, men likevel vil lesaren kome over fleire stadar der teksten haltar litt og trongen til å finne naudrim blir litt for stor. Boka har eit godt særpreg, ho er solid i forma og god å bla i. Framsida kan nesten gje oss eit retro-preg, der mannen og kat- ten spring ned ei veldig lang og bratt trapp. Kva har skjedd, tru? Mannen og katten Pondus kjem til kongens by. Her vil dei gjerne spele opp til dans, men det blir det ingenting av. Kongen har bestemt at det ikkje er lov med musikk og song, difor hamnar Pontus og eigaren rett ut porten. Sjølv om teksten somme stadar har eit språk og ein biletbruk som er vel vaksen for dei minste lesarane, vil nok også dei fylgje spent med i handlinga. Dramatik- ken tek seg opp då Pontus og mannen bryt seg inn hjå kongen for å stele. Det resulterer i ei ekte tjuvjakt, og etter kvart byggjer det seg opp eit aldri så lite folkeopprør i byen; det er nemleg fleire som ynskjer seg musikk på torget. Nordstoga skriv om både ytringsfridom og kunst- narleg fridom, og han har laga ei god og engasjerande forteljing. Teikningane til Rune Markhus er gode til å gå i dialog med handlinga. Dei yngste lesarane vil nok kose seg med katten, som heilt klart er han som styrer utviklinga i handlinga, og som kjem med dei gode ideane. Judith Sørhus Litlehamar BokmeldingTIPS TIL BARNEHAGAR: • Skap ei munnleg forteljing med utgangs- punkt i ei skriven historie. • Vel ei kort historie du likar • Les ho eit par-tre gonger • Legg vekk teksten og gjenfortel historia høgt for deg sjølv med dine eigne ord. Fortel ho høgt fleire gonger, heilt til du kan ho godt. • Sjå i historia om du får idear til korleis barna kan vere med på å gjere til dømes rørsler og lydar. At barna får delta på denne konkrete måten, inkluderer dei på ein god måte, meiner eg. • Fortel historia for nokre få barn i ei spontan forteljarstund. Borna sine reaksjonar på historia kan gje gode idear du kan bruke når du skal jobbe vidare med ho. • Når du har øvd deg og testa ut historia, er ho klar for storsamlinga. Her er nokre forslag til korleis du kan skape ro før forteljinga startar: tenn stearinlys, bruk ei meditasjons- klokke som start og slutt for forteljinga, eventyrregle som start og slutt på fortelj- inga, trekk ein eventyrskatt frå forteljinga opp av ei kiste, ein hatt eller koffert. fbaargang2014 fbseksjonKIR