SONG FOR DEG OG MEG Av Odd Nordstoga Inger Lise Belsvik og Hilde Hodnefjeld illustrasjon Samlaget 2014 No er Odd Nordstoga ute med ei ny og utvida utgåve av Songbok for deg og meg. Musikar Odd Nordstoga har gjort eit breitt ut- val av songar til den nye versjo- nen av boka, som kom ut første gong i 2002. Boka er meint som ei samling av songskattar for born i alle aldrar, både i førskule og barneskule. Her er eit godt utval av songar på nynorsk og dialekt, både dei gamle, gode norske songane, moderne viser og folkeviser, stev og stub- bar, nyare songar og songar til skjemt og høgtid. Her er songar frå den tradisjonsrike, gamle songskatten frå Vinje, Garborg og Sivle, men også nyskrivne melodiar til både eldre og nyare, kjende og ukjende tekstar, skriv Samlaget på eigne nett- sider. Utanlandske songar er omsette, og ikkje minst inneheld boka fleire songar som har vorte store sla- gerar. Fleire av Nordstoga sine eigne populære songar er også med. Songane er illustrerte av Hilde Hodnefjeld og Inger Lise Belsvik. Dette er ei ny og utvida utgåve av Songbok for deg og meg, og også denne blir gjeven ut på Samlaget. Judith Sørhus Litlehamar DENNE ELGEN ER MIN Av Oliver Jeffers Omsett til norsk av Henning Hagerup Gyldendal 2014 Wilfred eig ein ekte elg. Ein elg som gjer akkurat som Wilfred vil, eller er det slik det er? Elgen kom til Wilfred av seg sjølv, og Wilfred kalla han for Marcel. Wilfred lagar klare rammer for korleis husdyret Marcel skal oppføre seg: Han skal ikkje lage for mykje bråk når Wilfred speler platesamlinga si, han skal gå akkurat der Wilfred vil at han skal gå, han skal gje eigaren ly for regn og få tak i ting som Wilfred ikkje når opp til. Somme gonger kan det verke som om Marcel ikkje høyrer etter, kanskje han ikkje vil gjere som Wilfred vil? Kanskje ikkje Wilfred eig Marcel likevel? Oliver Jeffers har skapt ei historie om kva det eigentleg betyr å eige noko, ei morosam og lunefull historie som blir pre- sentert i fargerike teikningar. Etter kvart viser det seg at kanskje fleire òg trur dei eig elgen til Wilfred, og då ulukka er ute, spørst det om elgen hugsar noko av det Wilfred har lært han. Kanskje det er like greitt å inngå eit kompromiss, der elgen får lov til å fylgje Wilfred sine reglar når han har lyst? Judith Sørhus Litlehamar BokmeldingSONG FOR DEG OG MEG Av Odd Nordstoga Inger Lise Belsvik og Hilde Hodnefjeld illustrasjon Samlaget 2014 No er Odd Nordstoga ute med ei ny og utvida utgåve av Songbok for deg og meg. Musikar Odd Nordstoga har gjort eit breitt ut- val av songar til den nye versjo- nen av boka, som kom ut første gong i 2002. Boka er meint som ei samling av songskattar for born i alle aldrar, både i førskule og barneskule. Her er eit godt utval av songar på nynorsk og dialekt, både dei gamle, gode norske songane, moderne viser og folkeviser, stev og stub- bar, nyare songar og songar til skjemt og høgtid. Her er songar frå den tradisjonsrike, gamle songskatten frå Vinje, Garborg og Sivle, men også nyskrivne melodiar til både eldre og nyare, kjende og ukjende tekstar, skriv Samlaget på eigne nett- sider. Utanlandske songar er omsette, og ikkje minst inneheld boka fleire songar som har vorte store sla- gerar. Fleire av Nordstoga sine eigne populære songar er også med. Songane er illustrerte av Hilde Hodnefjeld og Inger Lise Belsvik. Dette er ei ny og utvida utgåve av Songbok for deg og meg, og også denne blir gjeven ut på Samlaget. Judith Sørhus Litlehamar DENNE ELGEN ER MIN Av Oliver Jeffers Omsett til norsk av Henning Hagerup Gyldendal 2014 Wilfred eig ein ekte elg. Ein elg som gjer akkurat som Wilfred vil, eller er det slik det er? Elgen kom til Wilfred av seg sjølv, og Wilfred kalla han for Marcel. Wilfred lagar klare rammer for korleis husdyret Marcel skal oppføre seg: Han skal ikkje lage for mykje bråk når Wilfred speler platesamlinga si, han skal gå akkurat der Wilfred vil at han skal gå, han skal gje eigaren ly for regn og få tak i ting som Wilfred ikkje når opp til. Somme gonger kan det verke som om Marcel ikkje høyrer etter, kanskje han ikkje vil gjere som Wilfred vil? Kanskje ikkje Wilfred eig Marcel likevel? Oliver Jeffers har skapt ei historie om kva det eigentleg betyr å eige noko, ei morosam og lunefull historie som blir pre- sentert i fargerike teikningar. Etter kvart viser det seg at kanskje fleire òg trur dei eig elgen til Wilfred, og då ulukka er ute, spørst det om elgen hugsar noko av det Wilfred har lært han. Kanskje det er like greitt å inngå eit kompromiss, der elgen får lov til å fylgje Wilfred sine reglar når han har lyst? Judith Sørhus Litlehamar Bokmelding fbaargang2014 fbseksjonKIR